Årsmelding for Tysnes sogelag 2022/2023.

Mikal Heldal (bilete) vart utnemnd som æresmedlem i sogelaget i 2021 Etter årsmøtehandsaminga, fortalde han om arven etter Hans Nilsen Hauge og verknaden på bedehus og religiøs vekkjingar i Tysnes..

Styret i Tysnes Sogelag har i perioden 2022/2023 vore samansett slik:

Leiar: Sigurd Bjordal

Nestleiar: Olav Skjellevik

Skrivar: Elin Dalland

Kasserar; Marit F. Sæløen

Styremedlem: Atle Tornes

Varamedlem: Magne Skartveit

Varamedlem: Jan Økland

Valnemd: Åsta Hansen leiar, Karl Lunde, Torill Lande

Nettansvarleg: Kaare Malkenes

Tysnes Sogelag har pr 12.03.23 om lag 215 medlemer

Laget har dette året hatt 6 styremøte.

Årsmøte for perioden 2022/2023 vart halde på Tinghuset 3.april 2022.

15 medlemer møtte

Torsdag 19. mai 2022 arr. Tysnes Sogelag i lag med Tysnes Bygdekvinnelag tur til Finnøy i Ryfylke. Tureinnhaldet hadde tittelen «Vandring i bedehusland». Olav Kaastad , vår faste og gode sjåfør , stilte med buss også på denne turen. Nærare 40 var med på denne turen. Ein svært vellukka tur som innehaldt alt frå drivhusvitjing, sølvsmie, humoristisk tilbakeblikk på gammalt bedehusbasarmiljø, og avslutning med flott middag.

Heile juli månad var Tinghuset laurdagsope. Dette var eit vellukka og populært tiltak. Mange nytta høvet til å stikka innom for å sjå på huset og alle utstillingane, og besøket vart avslutta med vafler og kaffi for dei som ville. Denne juliopninga vart gjennomførd av medlemer frå vårt lag + Tysnes Bygdekvinnelag og Jåttelaget.

30. oktober inviterte Sogelaget til Ingvar Moe- kveld. Då vitja Jimmy Nes frå Etne Tinghuset med eit flott program om forfattaren og moromannen Ingvar Moe som også kom frå Etne. Ein flott kveld med nærare 40 frammøtte.

Det årlege Sogesoddet gjekk av stabelen i Tinghuset 27. november. Om lag 40 personar møtte fram . Invitert til denne kvelden var Britt Kjellesvik Rage som gledde oss med føredraget: «Ei reise i historiske drakter», eit godt førebudd føredrag om dokkeproduksjonen hennar, eit føredrag som fekk velfortent ros og applaus. Same kvelden vart Olav Skjellevik utnemd som æresmedlem i Tysnes Sogelag. Å bli utnemd som æresmedlem i Sogelaget er få forunt, men at Olav var svært kvalifisert var det ingen som tvila på. Det er få som har gjort ein så stor innsats for laget gjennom mange tiår som han. Sogesoddkvelden vart avslutta med utdeling av Sogeskriftet for 2022 og kalender for 2023 +

kvelden sitt høgdepunkt: Fortæring av sogesoddet . Det smaka himmelsk noko også kaffien og kringla gjorde.

Økonomien i laget held seg bra, med stødig påpass og kontroll av vår fantastiske kasserar gjennom mange år Marit F.Sæløen

Dette året har det vore noko mindre dugnad sidan huset er stort sett ferdig renovert både i hovedetasjen og loftsetasjen. No har me tankar om å starta renoveringa av kjellaretasjen . Dette er eit stort arbeid, og me må nok søkja økonomisk støtte både her og der + at me får håpa at dugnadsviljen framleis er oppe og går.

Samarbeidet med Tysnes Bygdekvinnelag og Jåttelaget har halde fram til beste for alle tre laga.

Heilt til slutt bør nemnast at laget har fått montert hjartestartar på utsida av Tinghuset. Eit

trygt og godt tilbod som me sjølvsagt håpar aldri kjem i bruk.

Altså. Tysnes Sogelag kan sjå tilbake på eit aktivt og flott år, me er eit framoverlent lag som ser fram til å fortsetja i same leia som no, til beste for laget og alle som bur i kommunen vår.

Tysnes 19.03.23

Sigurd

Deltok på årsmøte i Øygarden 7. og 8. mars 2020.

Marit

Marit og mannen Bernard Sæløen har delteke på årsmøte i Hordaland sogelag dei siste åra. Eg har vore valt utsending frå Tysnes sogelag, og når det har passa
slik har Berner også fått vera med, fortel ho.

Marit har skrive ein liten omtale av årsmøte som vart avvikla i Øygarden 7. og 8. mars. 

Årsmøtet tok til med lunsj i den gamle kasserna tilhøyrande Fjell Festning.  Ove Midttun frå Fjell kulturminnelag opna med å ynskje alle velkommen, deretter fekk ordføraren i Øygarden kommune,  Tom Gerhard Indrevik ordet og snakka litt om den nye kommunen, før Knut Farestveit, formannen i Hordaland sogelag hadde ordet.    

Etter lunsjen som var ei nydeleg fiskesuppe gjekk turen opp til Fjell festning, der deltakarane vart delt i to grupper med kvar sin guide og vart  vist rundt i festningen.  Festniingen vart påbegynt hausten 42 og allerie hausten 43 kunne den takast i bruk.  Arbeiderane var delvis innleid arbeidskraft, mens mesteparten var slavearbeiderar.  

Deretter køyrde me til Toftarøy skule og såg på samlingane til Olav Toft.  Gerhard Inge Storebø fortalde om samlingane.      Etterpå gjekk turen ned til Trellevikmuseet der det vart servert Kaffi og kringle,  mens Gerhard inge Storebø fortale om korleis det hadde vore å  få tak i midlar til å ta vare på bygget. 

Overnattinga var på  Panorama hotell, der ein lokal kjømeister,  Kjell Alfheim  underhaldt under middagen med forteljingar frå Sotra i eldre dagar, han hadde og eit kåseri om robåten, som han samanlikna med å kunna arbeida i lag, der  alle må ro i jamn takt for å kunna koma  rett fram.   I tillegg song Ingebjørg Steinsland og dottera mange songar.  Fleire av songane var ein hyllest til Johannes Kleppevik. \

Neste morgon sjekka me ut av hotellet klokka ni og køyrde til Fjell kyrje dr me parkerte.  Der vart me henta med buss som køyrde oss til Kystmuseet.  I bussen fortale Olav Kobbeltveit om livet på Sotra før og etter at Sotrabrua vart åpna i 1972. Folketalet har auka frå 7000 til 40000, og er den største kommunen i Hordaland  i folketal etter Bergen. 

Etter årsmøtet på kystmuseet var det servering av sveler og kaffe.  Så fekk me song av  Anne Lise og Egil Sæle.  Dei song gamle samletonar og songar heilt frå 1600 talet.  Egil Sæle fortalde om gamle Hjelme kyrkje korleis folk måtte frakta stein til kyrkja med små færingar.  Dei måtte og skaffa jord til gravplassen, slik at dei fekk gravene djupe nok.  Deretter tok me turen til Hjelme kyrkje slik at me fekk sjå ho. 

Siste stopp på turen var Notloftet på Vindenes der me fekk lunsj.  Jarle Vindenes fortalde soga om Notloftet.  Ho vart bygd som eit notheng rett etter krigen.  Det var store dimensjonar på henget.  Rommet me sat i var 45 meter langt og hadde plass til 9 nøter.  Kvar not trong 15 meter til å tørka på.  Det var plass til 3 nøter i bredda.  Under nøtene var det store kar som som vart brukt til å barka nøtene i, slik at dei ikkje skulle rotna.   Det var slutt på tørking av nøter ca 1973, då dødde reiaren Hans H. Vindenes. 

Jarle Vindenes kjøpte Notloftet cirka 1980.  Seinare sette han Notloftet i stand slik ho står i dag.  I dag blir Notloftet brukt av bygdefolket til forskjellige tilstelningar. 

Etter omvisninga på Notaloftet var årsmøtet slutt.