Tretten på tur.

Kaffipause på hytta til Hans H. Flornes.

( Tekst og bilete Mikal Heldal)

Sogelagsturen til Flornes sundag 17. aug. vart slik ein sogelagstur skal vera: opphaldsvær, trivelig kjentmann, mykje sogedrøs – og ei triveleg kaffiøkt. Me gjekk nyevegen til ytst i Flornes – til Knappen, Jonaplasset, Ystaneset, over Flornesgarden, og so gamlevegen gjennom skogen og attende til Espevik. Skogen i Flornes var velkjend – rekna som noko av det likaste av skogagrunn som var i Tysnes. Mykje av vyrket til Onarheimskyrkja vart hogge der. No vert mykje av skogen i Flornes verna og det vert vel til at det er slutt på skoghogst i området. Litt hogst og bruk av skogen hadde vore det beste for miljøet og naturen.

Hans Heidrik Flornes har hytte i Ystaneset – han var lokal guide og han kjenner vel dette området frå mange ferieopphald. Far til Hans, Olav Flornes, var tannlækjar i Bergen og mange Tysnesingar var nok framom hjå han.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *