Eit bilete fortel

I kalendaren 2006 er det for mars månad eit bilete frå pliktarbeid på vegen ned mot Skjellevik. Det er eit bilete som fortel rett mykje om tida attende mot 1930-åra. Arbeidstøyet er for dei fleste skjorte, vest og bukse. Dette at nær sagt alle brukte vest er vel eit døme på klesmote som tok slutt før 50-åra var omme.

Eit par karar har buserull – eit teikn på den nye moten for arbeidstøy, som vaks fram for fullt etter krigen.

Mange av karane har tresko, på mange måtar eit framifrå fottøy, i ei tid då folk hadde vakse opp med tresko og var van å bruka dei. Og så var det hatt eller huve – alle har hovudplagg på. I dag hadde knapt ein av dei hatt noko på hovudet.

Tidspunktet for biletet? Truleg tidleg på hausten. Det vanlege var å leggja plikta i tidsbolkar mellom onnene – her truleg etter hå-slåtten, men før potetopptaket. 16 mann er med på biletet. Og det er ikkje nemnande verktøy å sjå. Det som syner på biletet er at det er fjellboring på gang. Mineborar peikar inn i fjellknausen på vestre sida av biletet. To borehol – liggjarar – er under arbeid, og dermed er vel fire mann sysselsette med dette arbeidet – to til å slå og to til å snu boren. Det kan sjå ut til at Amund Tysnes står med eine feiselen. Elles er det berre ei skyffel å sjå, og i forgrunnen skaftet av ei slegge eller ei feisel. Opp langs fjellknausen står det lateinar. Det var venteleg basen, Møllerup L. Skaten, som stod for sprengingsarbeidet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *