Tysnes-soga i eit nøtteskal

Skrevet av Knut Rage Mandag 07/02/2005 - 01:00

Det er for det meste semje om at namnet Hordaland - hordane sitt land - er eit minne om innvandring av den folkegruppa vi kallar harudar og som opphavleg budden i Jylland i Danmark. Nokon hevdar at dei kom i jarnalderen, for omlag 2000 år sidan, medan andre meiner at dei kom alt i bronsealderen, kanskje meir enn 1000 år tidlegare.

OnarheimssegletDet gamle namnet på Tysnes - Njardarlog - kjem av at dette var grødegudinna Njord sitt lovområde.Øya har og truleg vore det religiøse senteret for hordane og for store delar av Vestlandet. Gards- og stadnamn peikar og attende på harudane si gudedyrking, slik me kjenner den frå romerske sogeskrivarar og historiske funn andre stadar.

Eit av dei mest særmerkte fornminna i Tysnes - på Årbakkavodlen - stammar frå jarnalderen. Her har vore meir enn 20 gravrøyser og minst 6 bautasteinar. Sjølv om delar av dette har vorte øydelagt, er det framleis råd å sjå at denne staden må ha vore noko særskilt. Og det verkar naturleg å knyta dette saman med harudane og deira Njord-dyrking. Utover vikingtida står Onarheim fram som eit senter, både for Tysnes og for store delar av Hordaland. Her var tingstad, og her vaks etter kvart Olavsgildet fram - truleg med røter i førkristen tid. Slike gilde er kjende frå heile Nord-Europa og var ein sort brorskap, der dei mektige i samfunnet støtta kvarandre økonomisk og praktisk. Dei hadde lover og reglar for mykje, og er på eit vis kimen til eit regulert samfunn slik me kjenner det.

Og over tid endra dei økonomiske tilhøva seg. Folketeljingar midt på 1800-talet syner at no er over 90% av bøndene i Tysnes sjølveigarar. På denne tida er Tysnes óg den kommunen på Vestlandet med tettast busetnad.

Mot hundreårsskiftet vert det fleire tysnesingar enn øyane kan fø på, og fram til fyrste verdskrigen utvandrar omlag 2000 av dei til USA. Etter at amerikanske styresmakter kring 1930 stogga innvandringa, var det vanleg at familiefaren arbeidde i USA, gjerne fleire år av gongen, medan kona var heime og passa gard og ungar. Men alt lenge før dette hadde vestlandsbonden måtte finna seg inntekter attåt bruket.

Kring år 1500 tek overgangen til pengesamfunnet til for alvor, og bonden må skaffa pengar til hus og heim, til reiskapar og til skattar. Ein av dei eldste næringsvegane i Tysnes er kalkbrenning. Berggrunnen sør i kommunen er rik på kalk, og mange av gardane frå Onarheim og søretter brende kalk heilt frå 1300-talet. Kalken vart for det meste mellom anna nytta til husbygging, og utvinninga heldt fram heilt til byrjinga av dette hundreåret. Kvar gong det var storbrann i Bergen, tente kalkleverandørane godt på gjenoppbygginga.

Stikkord