Urter i Sundagsakademiet

Skrevet av Olav Skjellevik Torsdag 15/04/2010 - 17:53


Sundag 18. april vert det ein ny foredragskveld på Tysnes folkebibliotek, i serien me har kalla "Sundagsakademiet". Denne gongen er turen komen til Anna Lise Sortland, som skal snakka om urter.

"Grønnkrafta" : urter til mat og medisin, har ho sett som namn på foredraget sitt. Anna Lise Sortland kjem til å snakka om urter som veks rundt oss - "ugras" som medisin, litt om hageurter og litt om medisinsk bruk av desse, og om korleis ein kan foredla urter ved turking, ekstrakt og oljeuttrekk. Ho vil fortelja historiar om urtebruk og om sine eigne erfaringar.

Anna Lise Sortland er busett på Stord, der ho arbeider som ergoterapeut og driv privatpraksis i heilskapsmedisin der urter og andre lækjande planter utgjer ein sentral del. Dei siste 13 åra har ho teke ulike utdanningar innan naturmedisin, og praktisert som sjølvstendig terapeut frå 2001 - først phytoterapeut (urte-terapeut), så nye terapiformer etter kvart som dei vart lagt til - kinesiologi, tankefeltterapi, metamedisinsk coach og litt akupunktur.

 

Få av oss tenkjer over kor mange urter og nytteplanter som eigentleg finst i ein gjengs hage. Kunnskapar som før var utbreidde mellom folk flest, ikkje minst om naturmedisin, er i dag for ein stor del gått i gløymeboka.

- Naturen byr på alt me treng, seier Anna Lise Sortland. - Resten er inni oss. Grønnkrafta i oss - det er det som får born til å veksa i mors liv, og får løvetann til å veksa opp gjennom asfalten. Grønnkrafta er også det som regulerer alle funksjonar inni oss slik at me har ei evne til å gjenskapa balanse når me er i ubalanse. Plantene kan hjelpa oss der me kjem til kort. Det me treng er ofte rett utanfor døra. Sjå deg omkring: kva planter er det som veks her? Kva verdi har dei for meg? avsluttar Anna Lise Sortland, som gler seg til å koma til Tysnes. 

Som vanleg vert det ein pause midtveges i programmet og tid til ein kopp kaffi og noko å bita i - og sjølvsagt ein god drøs.

Tid og stad: Sundag 18. april kl. 17, biblioteket i Tysneshallen. Gratis adgang.
Arr. Tysnes folkebibliotek og Tysnes Sogelag

Arrangement
Stikkord