Tron Bach i Sundagsakademiet

Skrevet av Kaare Myrvold … Mandag 19/01/2009 - 21:03

Mange tysnesingar gjekk glipp av eit storveges og interessant føredrag då Tron Bach snakka om og viste unike bilete frå bygginga av Bergensbanen. På sundag var det berre 25 frammøtte, men dei fekk i alle høve valuta for oppmøte, og fekk høyra og sjå ei detaljert og innhaldsrik soge om planane og realiseringa av eit av Noregs største sambandsprosjekt gjennom tidene.

Leiinga for dette unike jarnvegsprosjektet, var såpas framsynte at dei sytte for å ta bilete av både anleggsarbeidet, folk og hendingar, slik at dette vart godt dokumentert for framtida. I år er det 100 år sidan banen offisielt vart sett i drift, eit anlegg som er eit av dei største byggjeprosjekta Noreg nokon gong har gjennomført. Dato for den offisielle opninga var 27. november 2009, og me kan nok sjå fram til at NSB vil markera dette på skikkeleg vis seinare i år.

For 100 år sidan var det sjølvsagt stor politisk strid om Bergensbanen skulle realiserast. Føregangsmennene appellerte mellom anna til nasjonalkjensla som var sterkt i folket i dei dagar, og sjølv om mange både innanlands, i nabolanda og elles i Europa meinte at det var galskap å bygga jarnbane i høgfjellet i Noreg, vart det etter mange år med kvast ordskifte bestemt at banen skulle byggjast. Prisen på jarnvegen frå Oslo til Bergen var på heile 63 millionar kroner, som i dei dagar var eit heilt statsbudsjett, og følgjeleg var det strid på Stortinget også. Tingmennene spesielt frå Vestlandet var for mens austlendingane stort sett var mot. Bergensbanen vart vedteke med eit forholdsvis knapt fleirtal der 60 røysta for og 54 mot. Dermed vart jarnbaneprosjektet vedteke av ein ung nasjon, som på fritt og sjølvstendig grunnlag ville visa omverda at dette kunne nordmenn fullføra til nytte for folk og land for all framtid.

Jarnbanebygginga hadde sin pris på mange måtar. I dei dagar var det eit kjempeprosjekt der meir enn 15000 menn og kvinner deltok i i dei 7 åra bygginga stod på. Over høgfjellet vart det teke ut 2 millionar kubikkmeter med grus og stein og like mykje snø, og tenk deg, nesten alt med handemakt. 700 000 kilo med dynamitt gjekk til, men det var mørke sider også for til saman 63 menneske mista livet og fleire hundre arbeidsfolk vart lemleste på livet.

I samband med bygginga av banen vart det bygd 123 km med anleggsvegar som i dag er betre kjent som Rallarvegen, eit populært turistmål og utfordring for folk som til vanleg verdast heller lite i fjellheimen. Tron fortalde levande frå dei 15 åra han budde på Finse og den tida då han jobba hardt med å få på plass Rallarmuseet, eit museum der ein har teke vare på minner frå dei åra då Bergensbana vart ein realitet.

I samarbeid med Johannes Gjerdåker har Tron Bach gitt ut boka "Rallarvegen frå Haugastøl til Voss", som er ein framifrå vegguide for dei som vil fylgja dei meir enn 100 år gamle anleggsvegane. Bach var også sterkt involvert i å få på plass Rallarmuseet som fekk plass i nye lokalar i år

2000. Museet har eiga nettside og her kan du lesa meir om aktivitetar og planar for inneverande år. http://www.rallarmuseet.no/ Rallarvegen langs Bergensbanen, som blir mykje nytta av sykkelturistar har også eiga nettside med masse bilete, kart og annan nyttig informasjon. http://home.online.no/~magn-fu/H-bilder_fra_rallarvegen.htm

Bilete frå Sundagsakademiet med tilhøyande tekst finn du under denne lenkja. http://picasaweb.google.no/malkenes37/09TronBachBergensbanen100R?authke…

Arrangement
Stikkord