Rasmus Løland – Barnebokpioneren frå Ryfylke

Sundag 18. november vart det siste Sundagsakademiet for 2007 avvikla på biblioteket i Tysneshallen. Denne gongen var det Ryfylke-diktaren Rasmus Løland som stod på programmet. I år er det hundre år sidan Løland døydde, og i dei neste fem åra fram til 150 års-markeringa for Rasmus Løland sin fødselsdag 24. mai 2011 vert det ymse arrangement og markeringar for ein av våre viktigaste nynorske barnebokforfattarar gjennom tidene.

Sundag 18. november vart det siste Sundagsakademiet for 2007 avvikla på biblioteket i Tysneshallen. Denne gongen var det Ryfylke-diktaren Rasmus Løland som stod på programmet. I år er det hundre år sidan Løland døydde, og i dei neste fem åra fram til 150 års-markeringa for Rasmus Løland sin fødselsdag 24. mai 2011 vert det ymse arrangement og markeringar for ein av våre viktigaste nynorske barnebokforfattarar gjennom tidene.

I om lag eitt år har Ernst Berge Drange, bygdebokforfattar med sterke slektsrøter til Tysnes, skrive ein større biografi om diktaren, og på Sundagsakademiet fekk tilhøyrarane nærmare kjennskap til det omfattande arbeidet som er lagt ned i denne nye biografien om Rasmus Løland som no ligg føre i eit praktbind på heile 637 sider. Ernst Berge Drange, som er kjent for dei fleste tysnesingar som forfattar av gards- og ættesogene for Tysnes, har gjeve biografien tittelen ”Rasmus Løland

– Barnebokpioneren frå Ryfylke”. Her er livet og lagnaden til barnebokforfattaren framstilt like så grundig og nøyaktig som i bygdebøkene, og lesaren får heile soga om slekta, familien, oppveksten og livet til Rasmus Løland som døydde så altfor ung, berre 46 år gamal.

Rasmus Løland vaks opp på den velståande garden Løland på Hylststrannå i Hylstfjorden, som ligg i indre Ryfylke. Grannane sette namnet ”Sølvkannestrannå” på staden for dei mange velstandsgardane i Hylstfjorden. Desse gardane var ei verd for seg der både sølv og anna formue gjekk i arv i generasjonar. Dei velståande bøndene var godt utstyrte med sølvkanner, store sølvkrus, og på denne måten kunne dei kommunisera velstand og makt for omverda. Gardane hadde også flotte gjestebodhus i gardstunet, og på Løland står enno Rosebuo – ei staseleg stove som vart reist i 1798, og som innvendig er rosemåla frå tak til loft slik det var hjå dei velståande gardbrukarane på den tida.

Velstanden på Løland førte også med seg overskott og tid til andre sysler enn å streva for det daglege brød. Fleire av borna på Løland vart sendt på amtskule, og det fanst bøker og aviser som baud på politisk opplysning, nyhende og omtale av litteratur, kunst og naturvitskap i heimen til Rasmus Løland. Tidleg på 1800-talet sette den haugianske vekkinga sine spor i Ryfylke, og foreldra vart omtalte som heilstøypte haugianarar. Rasmus som tidleg tok til seg boklærdom og var samfunnsorientert, vart fritenkjar og livsynet hans vart knytta til darwinismen.

Rasmus Løland var sjukleg både i oppveksten og gjennom heile det korte livet sitt. Som 17 åring fekk han diagnosen hjartebetennelse, og lækjaren Karl Efraim Nissen på Sand gav han ikkje utsikt til noko langt liv med ein slik diagnose. Diagnosen måtte nok vera feil for Rasmus overlevde, og det var vel heller ei form for mental sjukdom og anfall av panikkangst 17-åringen leid av. Les ein notat og dagbøker som Rasmus skreiv frå han var 12 år gamal og frametter til siste året før han døyde, får ein inntrykk av at han under oppveksten leid av utprega sosial fobi, og med sterk tendens til å bekymra seg og hang til katastrofetenking. I sjukdomsperiodane i ungdommen, lagde han fleire husflidprodukt , treskeier, tiner og fletta korger og fekk jamvel skryt av Stavanger Husflidforening for godt arbeid.

Kvinnherad-forfattaren Jens Tvedt hadde stor påvirking på skrivinga til Rasmus Løland, han skildra gards og bygdemiljø ut frå sitt eige syn og livserfaring. Rasmus hadde også god kontakt med Arne Garborg og særleg kona Huldra Garborg, og hadde mykje støtte og hjelp under heile sitt korte forfattarskap.

Alt som 17-åring skreiv han ein artikkel i bladet Fedraheimen, bladet der Arne Garborg var redaktør som hadde som føremål å vera ”eit Vikeblad åt det Norske folket”. Fyrste boka Folkeliv kom ut i 1891. Då var Rasmus 30 år gamal. I alle år deretter og fram til han døydde 46 år gamal av tuberkulose i 1907, kom det ei eller to bøker i året i tillegg til nokre spelstykke. Til saman vart det nærmare 30 bokverk. Av denne produksjonen er det barnebøkene han er mest kjend for. Kvitebjørnen, Det store nashornet og Norsk evetyrbok er å anbefala som gode og spanande barnebøker . Rasmus var ein meister i å skiva levande og moderne ut frå eit barneperspektiv.

Nils Magne SingelstadDette fekk me eit godt døme på under opplesinga til Nils Magne Singelstad som las stykket frå ”Biletboka” på ein svært engasjert og ”biletleg” måte som publikum tydelegvis sette pris på.

– Eg er glad for den store interessa for Sundagsakademiet, og har heile tida vore overtydd om at det er trong for ein meir seriøs kulturarena i Tysnes, fortel bibliotekleiar Knut Rage. – Det er kjekt å sjå at foredrag som dette samlar godt med folk. Erfaringane med Sundagsakademiet er positive og me vil halda fram også til neste år.

For dei som likar å lesa biografiar så er boka om Rasmus Løland å anbefala. Ein følgjer forfattaren gjennom livet frå vogge til grav, skildra på den overtydande måten som berre etnologen og bygdebokskrivaren Ernst Berge Drange kan. Boka er ei framifrå julegåve for alle kulturinteresserte målfolk.

Se flere bilder fra arrangementet

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *