Bygginga av Bergensbana i Sundagsakademiet

Skrevet av Anonym (not verified) Søndag 09/01/2011 - 16:23

Sundag 18. januar går det første Sundagsakademiet i Tysnes folkebibliotek denne sesongen av stabelen. Det er to formidable storleikar som står på programmet - Bergensbanen og Tron Bach.

Sundagsakademiet har forlengst etablert seg som ein populær og godt besøkt foredragsserie på Tysnes, der interessante tema og gode, seriøse foredragshaldarar får boltra seg. Desse faste tilstellingane går no inn i 5. sesongen.

Då Bergensbanen vart bygd var det eit nasjonalt løft av verkelege dimensjonar. Bygginga av banen var ei stor utfordring. Lina måtte leggjast i eit ugjestmildt terreng høgt over havet, ein region utan vegar og kor det kunne vera fleire meter med snø om vinteren. Særleg var bygginga av den meir enn fem kilometer lange Gravhalstunnelen problematisk. Det vart jobba på tre skift kvar veke i seks år for å få tunnelen ferdig. For å skaffa kraft til utbygginga vart det bygd kraftverk i Gangdalsfossen vest for tunnelen, og eit kraftverk i Kjosfossen aust for tunnelen.

Bergensbanen var opphavleg 493 km lang og hadde 182 tunnelar, med ei total lengd på 73 km. I dag er den totale lengda 526 km. Den lengste tunnelen er Finsetunnelen med sine 10 300 meter. Den stasjonen som ligg høgast er Finse stasjon 1222 moh.

Jernbanelina er i dag ein populær turistattraksjon. Den gamle arbeidarvegen Rallarvegen ligg tett inntil lina og er eit populært turmål. NSB leigar ut syklar mellom anna på Finse. Ved Myrdal går det eit særs spektakulært sidespor (20 km) ned til Flåm. Flåmsbana er heilårsbane med redusert drift i vinterhalvåret.

Foredragshaldaren Tron Bach skulle kanskje ikkje trengja nokon nærare presentasjon. Som samfunnsutviklar på Tysnes har han vore høgt og lågt det siste året. Det er slett ikkje noko slumpetreff at det er nett Bergensbanen Bach skal snakka om - det er eit emne han kjenner grundigare enn dei fleste. Bach har vore ein sentral mann bak om

grepet "Finse 1222", som omfattar både sjølve høgfjellshotellet og også får ein til å tenkja på Rallarmuseet og den populære Rallarvegen. Seinast i 2008 gav Tron Bach ut boka "Rallarvegen - frå Haugastøl til Flåm og Voss" saman med Johannes Gjerdåker.

Som vanleg vert det tid til ein kopp kaffi og noko å bita i.

Tid og stad: Sundag 18. januar kl. 17, Tysnes folkebibliotek i Tysneshallen. Gratis adgang, ope for alle.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Tysnes folkebibliotek og Tysnes Sogelag. Bilete: Wikipedia. Biletet av Tron Bach er henta frå Tysnes kommune si nettside.

Arrangement
Stikkord