Sogesoddet er et årets høgdepunkt.

Stikkord


Sogesodd og kalender. Les om festen og omtale av årboka til Tysnes Sogelag. Kjøp i Nettbutikken.

Årets "Sogesodd" er samkoma då styret inviterer medlemmer og vener til fest i samband med publisering av ny kalender og årbok for sogelaget. Som i fjor var det  samkome i dei lune og lyse lokala til Tysnes Bedehuslag til festtalar, god mat og drikke. Årets gjestetalar var Harald Sætre som fortalte om den nye boka si " Fram og tilbake over Fjorden" som omhandlar rutebåtane til HSD som traffikerte mellom øyar og fastlandet i Sunnhordland i meir en 100 år. 

Innhald

Tysnes i 1814 – Mikal Heldal side 5
Minner fra Laukhamar – Arne Ludviksen side 9
Ferdslevegen frå Nordbustaddalen og vegbyggjinga framover – Lars Mevatne side 20
Spanskesykja – eit dystert 90-årsminne – Olav Skjellevik side 25
Tre sysken frå Økland, Flatråker, drog til Bergen og sette spor etter seg – Harry Solberg side 39
Oldefar i Våge – Kaare M. Malkenes side 45
Det Midthordlandske Dampskibsselskap – Arne Tvedt side 55
Skat-Ole – Ei splintasoga – Hans M. Skaten side 64
«Me’ noto» på 50 – 60-talet – Harald Skorpen side 66

Føreord
Sogeskrift for Tysnes 2014 har nok ein gong blanda innhald. Markeringa av 200-års jubileet for grunnlova får litt plass i dette heftet. Kven var dei som for 200 år sidan skulle velja valmenn og senda folk austover til Eidsvoll? Me finn at dette var ressursrike menn i Tysnes-samfunnet – både embetsmenn og bønder/fiskarar. Arne Ludviksen minnest dei mange band han har til Laukhammar – han tek oss med til åra kring siste verdskrigen, og han får gjeve oss innsikt i den revolusjonen som har skjedd innan samferdsle sidan den gongen. Samferdsle er også eit stikkord for Lars Mevatne si soga om vegbygging i Nordbustaddalen. Ein kan gjera seg mange tankar om slit og pågangsmot ved å kjøra vegen gjennom Nordbustaddalen – den kallar på respekt for generasjonane før oss.
90 år sidan spanskesykja – det er på ein måte slik at den dags-
aktuelle Ebola-epidemien kjem fram i tankane. Olav Skjellevik synleggjer den maktesløyse og alle fortvila rådgjerder som kom fram i ein epidemi som dette. Harry Solberg tek for seg nokre av Hellandsfolka som sette spor etter seg i by og bygd – fråhaldssaka vart ei viktig sak for desse folka. Og nett fråhaldssaka vil me koma attende til seinare – me ser vel litt av kampen i det Solberg skriv, men forbodstida baud på mange utfordringar også på Tysnes. Isak Gripne var ein annan tysnesing som hadde toet i seg – skap noko – få ting til å sviva. Kaare Malkenes skriv om oldefaren – gründeren som sette spor etter seg i Våge. Arne Tvedt får oss attende til samferdsle og skriv om soga til Det Midthordlandske Dampskibsselskap – ei soge som ligg Tvedt sitt hjarta nær. På Sogesoddet dette året kjem Dag Bakka Jr. for å ta opp same tema – fjordabåtane som var så viktige for eit fjord og øysamfunn.
Hans Skaten gjev oss svaret på kven Skat-Ole var – og han skriv ei splintasoga. Dette må me ta fatt i – dei reisande – eller båtsplintane – var på 50-talet ein del det me hadde av eksotiske opplevingar i mine gutedagar. Ikkje akkurat splintaliv, men Harald Skorpen skriv med stor innsikt om notalivet på 50-60 talet og det er på høg tid at dette kjem på prent!
Hjartans takk til alle som minnest og skriv og let oss ta del i dei mange sogene frå bygdene våre. Det er litt godt å kjenna på det som var – om ikkje alt var betre før.
For Tysnes sogelag

 

For skriftstyret: Olav Skjellevik, Mikal Heldal