Sogeskrift for Tysnes

Skrevet av Knut Rage Mandag 07/02/2005 - 01:00

Sogeskrift og kallender for 2010 er å få kjøpt på fylgjande stader:
* Bok & Fritid i Våge.
* Bruntveit handel, Rekstern.
* Joker, Flakkavågen.
* Joker, Årbakka.
* Joker, Uggdal.
* Biblioteket i Tysneshallen.

Sogeskrift for Tysnes kom ut fyrste gongen i 2002 og var i sin heilskap vigd artiklar av Olav Hjertaker, som diverre ikkje rakk å leva nok til å sjå det ferdige produktet.

Sogeskrift for Tysnes 2002
I 2003 var det okkupasjonstida på Tysnes som stod på dagsorden Femten bidragsytarar fortalde i skrift og bilete om korleis det var å leva i Tysnes desse fem lange åra, anten det no var sjølvopplevd eller ein nytta anna grunnlagsmateriale. Til liks med heftet frå året før vart også denne utgjevinga ein suksess, mesteparten av opplegget vart seld vekk på eit par veker.

Sogeskrift for Tysnes har ein redaksjon på fem personar. Fram til 2004 har desse vore: Sverre K. Dalland Anny Gjøvåg Mikal Heldal Kirsten Alsaker Kjerland Knut Rage, red.

Men det er sjølvsagt den einskilde bidragsytaren som er med og skriv desse heftene! For inneverande år har me ikkje sett noko bestemt tema, men vil i utgangspunktet laga til eit hefte med artiklar om ulike emne. Kan DU tenkja deg å bidra her, eller har du tips til artiklar eller anna? Ta kontakt med oss pr. epost, brev eller telefon!

For 2005 vert temaet for Sogeskriftet utvandringa til Amerika. Redaktør for denne utgåva vil vera Kirsten Kjerland. Me er takknemlege for alt stoff - tekst og bilete, eller tips, smått som stort!

Stikkord