Sogeskrift 2015

Skrevet av Bent Sigmund Olsen Søndag 07/05/2017 - 23:04

Føreord

Sogeskrift for Tysnes 2015 tek oss denne gongen med over eit tidsspenn på fleire tusen år. Det har vore eit ynskje i fleire år å få ei utgreiing om funnmateriale i dei arkeologiske utgravingane i Uggdal. Dette materialet skriv Jostein Aksdal om og artikkelen er rikt illustrert – her finns materiale å ha med på sundagsturen i Uggdalsdalen – no nesten utan granskog på eine sida. Skulestriden på Onarheim får god plass i dette heftet – der Arne Onarheim tek oss med i den nær 50 år lange saka om plasseringa av Onarheim skule.

På ein måte så rører dette ved oppveksten til både Olav Skjellevik og meg – me gjekk begge på skulen i Skjellevik, og for mitt vedkomande vart mitt siste år i barneskulen på ny skule i Onarheim. Når Arne no har gjort greie for den sakleg/nøkterne lokaliseringsstriden – ja då kan det vera rom for å få med ymse uskrivne akter i ein klassisk bygdestrid. Det får eventuelt koma seinare – men ikkje vent for lenge om du minnest eitt og anna.

I 2014 skreiv Hans Skaten om «Skat-Ole» – ei splintasoga. På eit årbok-seminar i regi av Hordaland sogelag våren 2015 var splintane eit tema som mange hadde interesse for. Det tynnest i rekkjene av dei som enno ber i minnet noko om desse reisande – som årvisst dukka opp kring i distriktet når det drog seg mot vår og sumar. I dette sogeskriftet tek Hans Skaten opp tråden om dei reisande – og Tysnes sogelag er takksam for meir minnesmateriale også på dette temae.

Minnesmateriale er det alltid gildt å få – og denne gongen har Oddny Barmen ført oppvekst-soga til far – Torbjørn Barmen i pennen. Oppvekst på eit veglaust bruk – der båten måtte brukast på skulevegen, til handelsmann og i dei fleste andre sosiale høve. Redningsvest hadde dei vel kanskje høyrt om, men det var kunnskap og tradisjon som var berginga. Dette året kan me markera at det er 70 år sidan andre verdskrigen tok slutt. Som ei påminning om dette har Svein Ove Agdestein og Knut Rage skrive historia om tyske krigsskip i Søreidsvågen, og om bilete det ikkje var lov å ta, men som likevel kom på trykk takk vera uredde folk med sans for dramatikk!

Frå Torbjørg Onarheim har me fått lov til å nytta stykket hos skreiv for familien nokre år attende i tida – om bestemora – Torbjørg – som ho vel hadde namnet sitt etter. Dette var soga til nokre av dei haringane som kjøpte bruk på Onarheim og vart buande der.

Også dette året må me seie hjartans takk til alle som minnest og skriv og let oss ta del i dei mange sogene frå bygdene våre. Me skal ha med oss historia vår – det får vera noko av det me gjev til dei som kjem etter oss.

For Tysnes sogelag/skriftstyret: Olav Skjellevik, Mikal Heldal

Skriftnemda 2015:Oddny Barmen, Marit Frøyseth Sæløen, Toralf Enes, Arne Tvedt, Knut Rage, Olav Skjellevik, Mikal Heldal.

Innhald

Gravene i Uggdal – bitar av ei svunnen tid på Tysnes
Jostein Aksdal

Skulehussaka på Onarheim
Arne Onarheim

Biletet det ikkje var lov å ta: Då X29 låg i Søreidsvågen
Svein Ove Agdestein og Knut Rage

Bestemor Torbjørg
Torbjørg Onarheim

Fantasoger
Hans M. Skaten

Barndomsminne frå Tysnes
Oddny Barmen