Tur til Huglo

Skrevet av Kaare Myrvold … Onsdag 04/07/2007 - 01:00

Omnar i uthuset
Sola strålte frå skyfri himmel då utfarten på sogelagsturen til Huglo starta frå Hodnaneset 3. juni. Finver gjev alltid det beste utgangspunkt når ein skal vitja nye stader å sjå på kulturminne og vandra i skog og mark.

Fyrste stopp for dei om lag 20 tysnesingane som var med, var omnhuset til John og Eline Bruntveit. Her har ekteparet bygd opp sitt private museum med ei eineståande samling av gamle norske jarnomnar. Her var det også dekka til med kaffibord i storstova der alle jarnomnane stod oppstilt.

Etter kaffidrøs og matøkt gjekk turen til Tveitevågen med John og Eline som guidar, for å sjå nærmare på dei gamle gruveholene der det vart tatt ut kopparmalm på 1800 talet. Frå gruveholene følgde me den gamle jarnbanetraseen til sjødn der malmen mellom anna vert utskipa. Her har bygdalaget vølt eit gamalt kvendnhus med vassrenner og kvednsteinane inntakt, og her vert det av og til malt kodn også i vår tid om ikkje for ofte. Tveitevågen er også ein populær plass for båtfolket.

Den om lag 4 timars turen til naboøya i søraust vart ein fin sundagstur som absolutt kan anbefalast!Kaffidrøs
 

Arrangement