Kulturell rusletur på Skorpo

Skrevet av Knut Rage Tirsdag 11/09/2007 - 01:00

Tysnes Sogelag har i ei årrekkje arrangert årvisse turar haust og vår både lokalt og til forskjellige stader av interesse kringom i Sunnhordland. Oppslutninga kring desse turane har vore god.

Haustturen dette året tok til i det gamle skulehuset på Skorpo, der turleiar Olav Skjellevik ønskte velkomen og orienterte om den gamle skulen og om den vesle øya Skorpo som er så rik på kalk. På det meste var tretti kalkomnar i drift kringom på austsida av Tysnes. Ein kan framleis sjå spor etter den omfattande drifta.

Mest interesse vekte nok likevel besøket til den såkalla Trollhålo, eller "Russahålo", der to menn låg i skjul i lang tid under krigen. Det var ei dramatisk historie turdeltakarane fekk fortald. I 1944 gjekk motstandsmannen Ingvald Træen frå Tyssedal (g. m. Nelly H. Laukhamar) i dekning her saman med ein russar, Mikhail Zelenkovskij, som var på flukt frå tyskarane etter å ha rømt frå ein fangeleir i Sauda. Tre andre karar frå Tyssedal - etterlyste heimefrontfolk - var her også. Dei gjekk som drenger i nærleiken, to på Laukhamar og ein hos Nils Skorpo. I 2003 var Mikhail Zelenkovskij attende på Laukhamar. Dattera til Ingvald Træen, Ingunn Træen Haukaas, tok del på den lokalhistoriske vandringa og kunne fortelja heile den dramatiske soga. Følgjet var også innom garden der rømlingane hadde fått hjelp. Her hadde dei radio innebygd i husveggen i det eine huset, slik at dei kunne lytta på meldingar frå London.

TrollhåloTuren endte i sjøkanten på Laukhamar, der turdeltakarane åt medbrakt niste og fekk ei orientering om kalkdrifta på Skorpo ved tidlegare sogelagsformann Mikal Heldal. Dette er den einaste kalkebua som står att etter mange hundreår med kalkbrenning sør i Onarheimsoknet. Det har ikkje vore brent kalk på Laukhamar etter 1880, og bua har sidan vore nytta som sjøhus. Det er restar etter ein kalkomn nett oppom kalkebua.

Dei fleste turdeltakarane heldt fram opp i fjellet, til toppen av Laukhamarsåto der ein har funne spor etter ei bygdeborg.
 

Arrangement