Namneproblem i Sørbygdo

Skrevet av Birger Økland Fredag 07/10/2005 - 01:00

I heimbygda mi var det i min oppvekst og første ungdom mange sambygdingar som hadde like namn, både fornamn og etternamn. Dette skreiv seg frå at mange i tidlegare generasjonar var i nær slekt. Når så tradisjonen hadde vore at bestemor og bestefar skulle oppkallast med sitt rette namn, måtte dette føra til at mange fekk like namn. For at det ikkje skulle verte forvekslingar måtte det gjerast noko for å bøte på dette. Eg vil hermed fortelja litt om korleis bygdefolket takla dette

Til dømes heitte to personar Peder (Per) Flatråker. Fedrane deira var brørne Mikjel og Torbjørn. For å skilja på dette, fann bygdefolket fort ut at desse måtte ein kalla Mikjels-Per’n og Torbjørns-Per’n. Men so sanneleg gjekk desse to Perane stad og fann seg kvar si kone som begge heitte Marta. Og då kunne dei ikkje heita noko anna enn Mikjels-Marto og Torbjørns-Marto. Som om ikkje dette var nok, so fans det òg to andre i bygda som heitte Marta. Den eine var gift med Indre-Massen, som hadde fått tilnamnet etter faren. Namnet hadde han fått for ikkje å verta forveksla med Ola-Massen på nabogarden som no ikkje lengre var i live. Denne Ola-Massen var forresten son til Mass-Ola’n, som hadde ein kulp i Flatråkerelva oppkalla etter seg. Den sokalla Mass-Ola-høl’n. Men tilbake til kona til Indre-Massen. Bygdefolket fann det mest praktisk å kalla henne Massa-Marto. Den fjerde Marto på Flatraker var gift med ein me kalla Snikkar-Jan’n, då vart det nærliggande at kona vart heitande Snikkar-Marto. Mikkjels-Pern og Mikkjels-Marto Indre-Massen og Massa-Marto hadde fire søner. Den eldste heitte Endre etter bestefaren. Dei tre andre hadde like namn som sønene på nabogarden, og måtte derfor få tilleggsnamn. Då vart desse Indre-Anders’n, Indre-Ola’n og Indre-Steid'n. Indre-Ola’n kjøpte seg ein gard på Holma. Då skulle ein tru at han kunne ta namnet Ole Holme. Men nei, det var namnet til naboen på Holma, og folk hadde enno ikkje funne på å kalle han for Isaks-Ola’n eller Ole I, som dei seinare gjorde. Indre-Ola’n måtte derfor finne seg i å verte omtala med same tilleggsnamnet som før, eller som Ola i Løo, som nokon brukte. Det siste på grunn av at Indre-Ola’n i første tida ordna seg med eit husvære i løo ettersom tidlegare eigar ikkje hadde flytta ut av gardshuset.

Men so får me flytta tilbake til Flatråker. Der var det to koner som heitte Lisa. Den eine var gift med Stein Flatråker og den andre var gift med Olai Flatråker, kalla Laien. Desse to Lisene vart på folkemunne til Steina-Liso og Laia-Liso. Dottera til Stein og Steina-Liso vart Steina-Ingeborg, og sønene til Stein-Anders’n og Litle-Stein'n. Når det gjeld Stein-Anders’n, skjønar me godt kvifor det var naudsynt med slike tilleggsnamn. På Flatråker hadde me Indre-Anders’n som før nemnt. Laien hadde ein son som heitte Anders, og Anders i Haugen, son til Lovise som var gift 2. gong med Påd'l i Haugen. Laien og Laia-Liso hadde òg nokre søner som måtte få sine tilleggsnamn for å unngå forveksling. Desse vart Laia-Ola’n, Laia-Kristian, Laia-Anders’n, som før nemnt, og so Laia-Torbjødn. I tillegg hadde dei ein dotterson som budde hos dei med namnet Olav. Han vart til dagleg kalla Laia-Olafen. I mi tid var det to kvinner på Flatråker som hadde namnet Malene. Den eine var Torbjørns-Malene og den andre var Malene på Sago. Malene på Sago var hushalderska til Håland som dreiv Flatråker Sag- og Trevarefabrikk. Før det hadde det visst vore ei som heitte Steina-Malene, som var utflytta. Og so hadde me Mallo i Tre, som var eit forvrengt namn av Malene. Å vrengja på namn var òg vanleg. To i bygda heitte til dømes Ingeborg, som vart forvrengt til "Ingjebero". Det var Ingjebero på Økland og Ingjebero på Epland.

Ei eldre dame på Flatråker hadde etternamnet Flatråker, men det vart aldri brukt. Ho var gift Flatråker, men mannen reiste i unge år til Amerika. Anna ville ikkje reisa til Amerika så lenge mora levde. Mora blei 106 år, og Amerikareise blei det aldri noko av. Me kalla henne fyrst for Rolse-Anno, men ein systerson av henne kalla henne berre tante, og til slutt kalla heile bygda henne Tante.

På Økland var det også namneproblem, der var to som heitte Brita. (seinare tre.) Det var Hauga-Brito, dotter til Hauga-Lars’n. Hauga-Lars’n hadde fatt tilnamnet på grunn av at det i hans tid også var ein annan som heitte Lars Økland. Og so hadde me Havna-Brito. Mor hennar heitte Brita, og vart i si tid kalla Gamla-Brito. Havna-Brito hadde ei dotter som heitte Malene. Ho vart av nokre kalla Havna-Malene, og andre kalla henne for Malene i Havn. Dette for å skilja henne frå namnesøstrene på Flatråker.

Heilt sør i Flatråkerbygdo var det to ektepar som heitte Kristi og Sivert Skår. No vart det so heldig at den eine garden hadde eit særnamn, Slettena eller Sletto. Dette førte til at det eine paret fekk halda på namnet Skår, medan det andre paret vart Sletta-Sivert'n og Sletta-Kristio. Dei sistnemnde hadde mange born, deriblant Anna og Jens. Desse to vart kalla Slett-Anno og Slette-Jens’n, dette fordi der òg var andre på Skår som heitte Anna, som eg kjem attende til sidan. Og så var det òg ein Jens på Tornes i den tida. Han emigrerte til Amerika.

På Skår var der òg ein mann som heitte Ole. Han var gift med Anna frå Røsbø på Huglo. Dei fekk so ei dotter som vart døypt Anna ho òg, og dermed vart det to i familien som heitte Anna Skår. Ein måtte derfor finna ein nemnemåte som skilde mellom mor og dotter. Løysinga vart at dottera berre vart kalla Anna, mora vart Røsp-Anno eller berre Røspo.

So får me forflytta oss til Sør-Dalen som og hadde sine problem med namn. På nedre Helland budde der to darner med namnet Anna. Dei skulle det vore greitt å skilja, for den eine heitte Epland til etternamn og den andre heitte Helland. Men bygdefolket tykte nok at det verka noko framandt med etternamn. Dei ville ha noko meir personleg, og derfor vart det Jens-Anno og Martins-Anno. I Sør-Dalen var der og tre som heitte Brita. Ei av dei var gift med lærar Mikal Skår, som alle berre kalla "Skulen". Derfor blei kona Skule-Brito, og sonen Mikal vart Skule-Mikal. Ei Brita var gift med Jonas Kåstad. For ho var det sjølvsagt at namnet vart Kåstad-Brito. Den tredje Brita hugsa eg ikkje fekk noko tilleggsnamn. Ho var gift med Kristian Kåstad den yngre, som var lærar i Hålandsneset. Dei flytta fyrst heim til Kåstad da Kristian vart pensjonert. Folk meinte vel då at ho ikkje trong ha noko ekstranamn.

Til slutt får me forflytta oss til Mevatne, eller Mjøvotna som folk sa før i tida. Der budde det to brør, Berge og Sivert. Sivert hadde teke over farsgarden, og Berge hadde bygt seg hus der. Berge var styrmann og reiste i utanriksfart. So hende det at begge desse para på Mjøvotna fekk ein son og ei dotter, som sjølvsagt skulle oppkallast etter besteforeldra med sitt rette namn. Derfor fekk begge syskenpara namna Lars og Ingeborg. Då borna var nære naboar var det ekstra nøye å finna på noko som kunne skilja dei frå kvarandre. Folk var som vanleg kreative og fann fort ut å kalla Berge-borna Styremanns-Larsen og Styremanns-Ingeborg. Det burde vel klara seg med det, men som ei ekstra sikkerheit, var det dei som kalla den andre Lars’n for Sivert-Lars’n eller Utlebø-Lars’n. Det høyrer òg med til soga at ingen kom på å endra namnet på styremannsborna då faren avanserte til kaptein.

"Skulen" hadde ord på seg for å vere ein livat og morosam kar, og flink til å finna på råd i kinkige situasjonar. Far min bygde ein gong ny løa for han og hadde med seg ein arbeidskar. Nokre av ungdommane til "Skulen" var også heime. No var det vanleg i den tida at arbeidsfolka fekk seg mat. Då dei sat og åt middag, viste det seg at denne arbeidskaren far hadde med seg hadde ein uvanleg vane. Når han åt suppa, strekte han ut tunga under skeia, før både tunga og skeia med suppa forsvann inn att i munnen hans. Dette tykte ungdommane var ustyrleg morosamt og heldt på å sprekke av latter. Dei prøvde å snu seg vekk, men då såg dei rett inn i ein stor spegel som hang på veggen og såg det same synet der. Dermed vart det enda verre å halda latteren inne. "Skulen" tenkte nok at her var gode råd dyre. Dermed fortalde han ei morosam historie, so alle måtte le, arbeidskaren inkludert. Dermed var situasjonen berga.

"Skulen", Jens’n, Martin’n og Jonas’n kom saman i mørke haust- og vinterkveldar for å spela ludo, og for sosialt samvær. Her vart mykje omtala. Ein gong vart det diskutert kor tjukk isen måtte vera på vatnet før det var tilrådeleg å køyra på han med hest. "Saka er enkel," sa "Skulen", "Når tre Dala-kjerringar kan gå attmed kvarandre på isen, kan ein køyra trygt med hest."

Stikkord
Sted