Jens Tvedt-seminaret

Skrevet av Anonym (not verified) Torsdag 06/10/2005 - 01:00

3. september arrangerte Tysnes sogelag i samarbeid med Tysnes folkebibliotek eit seminar over livet og forfattarskapen til Kvinnheradsdiktaren Jens Tvedt. I år er det sytti år sidan Jens Tvedt døydde.

Kring 10-12 personar hadde samla seg i folkebiblioteket sine lokale i Tysneshallen denne laurdag føremiddagen. Mikal Heldal frå sogelaget var programleiar. Først orienterte biblioteksjef Knut Rage kort om Tvedt og forfattarskapen hans før dei to hovudføredragshaldarane slapp til - høgskulelektor Nils Tore Økland og forfattaren Johannes Heggland.

Økland sitt innlegg hadde tittelen "Unge år - ein diktar veks fram", der me fekk høyra mykje artig frå Tvedt sine unge år og første famlande steg på forfattarbanen. Johannes Heggland tok føre seg heile forfattarskapen hans. Det vart eit føredrag frå ein røynd talar som fekk tilhøyrarane til å sitja i djup konsentrasjon under heile det mest timelange innlegget. Heggland minna også om at Jens Tvedt ofte hadde vitja Tysnes, på lensmannsgarden i Gjersvik, ettersom bror hans var lensmann her.

Jens Tvedt er ein gløymd forfattar i dag. Det er lenge sidan bøkene hans kom ut, med nokre få unntak. Men det tyder ikkje at han er uvesentleg - tvert om. Det seier ikkje så reint lite at Tvedt er ein av dei diktarane som Johannes Heggland set høgast.

I pausen var det høve til å studera førsteutgåver av Tvedt sine bøker, samt ei utstilling som var utlånt frå biblioteket i Kvinneherad. Tvedt-seminaret var det andre forfattarseminaret dette året som har kome i stand som eit samarbeid mellom Tysnes sogelag og Tysnes folkebibliotek. I april vart det såleis arrangert eit heildags seminar over forfattarskapen til Johannes Heggland - for eit stappfullt lokale. Frametter står fleire lokale forfattarar for tur.

Stikkord