Flatpakka båtar og Shetlandshandel i 350 år

VikingskipI samarbeid med Tysnes folkebibliotek arrangerar sogelaget søndag 18.2 kl 17 til eit nytt Sundagsakademi. Har du drøymt om å reisa til Shetland, eller har du vore der ein gong? I dag høyrer Shetland og Orknøyene til Storbritannia, men var i si tid norske område. Framleis er tilknytinga til Noreg sterk, særleg på Shetland. Her snakka dei ein norrøn dialekt fram til 1800-talet.

I alle år har det vore eit tett samband mellom Tysnes og Shetland, ikkje minst gjennom den såkalla hjeltahandelen – det livlege handelssambandet som sikra det trefattige Shetland både tømmer og båtar. Over Nordsjøen var det to døger å ferdast med båt – småtteri for sjøvante menneske som nytta havet som ferdselsveg. Såleis eigde nokre av storfolka på Tysnes også jord på Shetland.

Mikal Heldal i ivrig samtale med Tommy Isbister, ein av dei beste båtbyggjarane på ShetlandSærleg interessant er kapitlet om hjeltabåtane. Det var båtar som var sett saman som "halvfabrikata" på Tysnes og seinare frakta til Shetland i større båtar og gjort ferdige der. For nokre få år sidan arrangerte Mikal Heldal ei gjentaking av denne trafikken. Saman med to røynde båtbyggjarar frå Onarheim, Helge Storetvedt og faren Einar Heldal, reiste han til Shetland med ein halvbygd "hjeltabåt" som dei sette saman der borte. Eksperimentet vekte mykje merksemd.

Shetland er sjølvsagt også kjend gjennom Shetlands-Larsen og nordsjøbussane under krigen, og det er ikkje få fiskarar og sjøfolk frå Tysnes som har vore innom det vesle øyriket både ti og femten gonger.

Mikal HeldalMikal Heldal vil kåsera om det tradisjonsrike sambandet mellom Tysnes og Shetland, om hjeltahandelen og hjeltabåtane. Det vert også orientering om ein tur til Shetland i sommar, med bilete frå ei ferd som nokre medlemmar av sogelaget gjorde dit i fjor.

Dette er det andre arrangementet i regi av Tysnes sogelag og Tysnes folkebibliotek – ei satsing som har fått namnet Sundagsakademiet. Det vil verta eit foredrag eller liknande program ein gong i månaden om emne som har med den lokale kulturen og soga å gjera, men det vil også vera plass for andre tema. Neste månad vil Britt Kjellesvik Rage halda foredrag om arbeidet sitt med folkedrakter frå Tysnes og Sunnhordland, med hovudvekt på å syna variasjonen og mangfaldet i kvinnedrakta på Tysnes, og vil visa bilete av klede som er henta fram frå kjellar og loft rundt om på øya.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *