Fann gamal skattesetel frå 1907

Skrevet av Kaare Myrvold … Torsdag 27/03/2008 - 16:52

Skjertorsdag starta Tysnes Sogelag med skanninga av gamle bilete i det gamle skulehuset på Amland som bygdelaget no har hand om. Sogelaget har med støtte frå Hordaland Fylkeskommune innkjøpt moderne PC og skannarutstyr og har planlagt å reise rundt til alle bygdalaga i Tysnes for å skanna inn gamle bilete.

Dette er eit viktig prosjekt å koma i gong med, for skal me få informasjon om kven som er med på bileta og når dei er tekne, må me ta vare på bileta, eller rettare sagt digitalisera mens gamle folk enno er med oss, fortel Olav Skjellevik frå sogelaget.

Helge Restad som er leiar i bygdelaget på Amland, kikka i to gamle "amerikaskrin" etter bestefaren Lars Henrik Tveit. I dei to skrina som i alle år har stått heime i gamlehuset, har det lagt gamle avisutklipp, julekort og brev. Helge kikka litt nærmare på innhaldet i skrina og fann ein gamal skattesetel frå 1907, som han undrast over. Korleis skattesetelen hadde hamna i amerikaskrinet på Amland, var ei gåte for Helge for namnet på skatteytaren var ukjent . Difor tok Helge den gamle skattesetelen med saman med dei gamle bileta som han ville få skanna. " Er det interesserte i slikt også, spurde Helge, og visa fram skattesetelen? Og då slike gamle dokument er sjølvsagt også av interesse for sogelagsfolk, vart det skanna ein kopi. Neste dag starta detektivarbeidet, og det var ikkje så veldig vanskeleg å finna eigaren av skattesetelen. Skattesetelen er utskriven til Gmd ( gardsmand) Ole Sakariassen Næse i 1907, og når me blar opp i Tysnes Gards og Ættesoge bind 1 kan me lesa følgjande om Ole sakkariassen.

Ole S. Drange (1870-1955) vart g. I. 1900 m. Elisabeth Margrete Hansdtr. Håland br. 4. (1872-1910). Dei brukte Nese br. 4. 1906-11, der ho døydde. Ole g. II. 1916 m. Marie Andersdtr. Leite br. 1. (1884-1975). Ole reiste i Nordlandsfart som heilt ung, men mønstra alt 1890 på seglskuter i utanriksfart. Beste kameraten hans var Hans Mølnevikjo (N.Drongje) og dei reiste til Amerika saman i 1892. Ole var sidan att og fram til Amerika 6 gonger til han kom heim for godt kring 1913/14. Han hadde berre korte turar heime. I Amerika reiste han mykje på «jåttar», men siste åra var han båtsmann i eit selskap som særleg gjekk på Vest-Indien. Då han kom heim siste gongen hadde han tent bra med pengar. Han hyrte då skøyta til Johannes Tornes til å frakta heim material til nytt hus. I lasta var og murstein til huset og plog og fjørhorv han hadde kjøpt i Bergen. Han fekk skøyte på farsjorda 1915. Men Marie og Ole hadde lenge bruksrett berre til halvparten. Dei overtok resten i 1934 etter at mor hans var avliden. Marie og Ole Drange dreiv frå 1934 med hest, 4 kyr og nokre unglevande. Sakris-Adno hadde elles sau på foreldra sin halvpart fram til 1934. Ole dyrka mykje på jorda, og i tillegg til nytt stovehus 1914 vølte han løebygningen, bygde inn flor og sette opp køyrebru. Han var medeigar i skøyta på Håviskeland kring 1918.

Som det framgår av skattesetelen var Ole Sakkariassen allereie ein halden mann i 2007, og med ei formue på 3800 kroner, som den gongen var mesta 10 årsinntekter var han nok av dei velsituerte i bygda. Han skatta til Opdals Kommune med 31 kr og 19 øre, og skatten måtte betalast inn til kasserar Hallstein Myklestad innan 28. september står det på setelen.

Kasserar Halstein Myklestad er også ein svært interessant og vyrdsam person i Tysnes for 100 år sidan, og han er også utførleg omtala i Tysnessoga.

Kjelder: Ernest Berge Drange: Tysnes gards og Ættesoge, Bind 1. Skattesetel