Ernst Berge Drange: Gards- og ættesoge for Tysnes

Skrevet av Anonym (not verified) Mandag 07/02/2005 - 01:00

Ernst Berge DrangeTysnes gards- og ættesoge er eit omfattande firebandsverk skrive av Ernst Berge Drange. Kvart band inneheld generell historisk omtale av kvar bygd og grendelag, forutan ein fyldig historikk for kvar gard.

Her er ikkje berre ætteledda teke med, du finn også personlege opplysningar og morosame soger om mange av alle dei tusenvis av menneske som er nemnd, forutan bilete som vart skaffa fram frå private heimar under arbeidet med bøkene. I bestillingslista finn du fleire opplysningar om dei einskilde ætttesogene for Tysnes.

Ernst Berge Drange er fødd 1954 i Bergen. Han voks opp i Fana, men har i over 20 år budd på Sand i Ryfylke. Han er utdanna etnolog (1982). Tiln magistergradssoppgåva valde han å konsentrera seg om husmannssamskipnaden på Tysnes 1600-1800.

Då Tysnes Sogelag i slutten av 1970-talet arbeidde med planane om å få i stand ei gards- og ættesoge i kommunen, var det nærast på ein slump at Ernst Berge Drange kom hit for å ta fatt på dette arbeidet. Ein betre slump enn det kunne ingen bede om! Drange gjorde eit arbeid det alltid vil stå stor respekt av. Forutan arbeidet med gards- og ættesogebøkene fekk Drange oppretta eit lokalhistorisk arkiv - med privatarkiv og ei biletsamling - i den perioden han verka i Tysnes kommune.

Forutan ættesoga for Tysnes har Drange også stått som forfattar av andre bygdebøker og lokalhistoriske verk, som Sand, gardar og folk (1997-2000) og Sauda Fabrikkarbeiderforening si 75-årsberetning ("Mænd som ved hva solidaritet er"). Vidare har han vore medforfattar i ei bok om husmannsskipnaden på Sørvestlandet ("Arbeid-armlag-armod") og i eit jubileumsskrift om Johan Veka. Elles har han skrive fleire artiklar med emne særleg frå Ryfylke. Åra 1992-93 var han styrar ved Ryfylkemuseet (1 ½ år), og åra 1989-91 var han stipendiat for Ryfylkemuseet med oppgåva å ordna og katalogisera bedriftsarkiv i Sauda. Til hausten kjem "Erfjord. Gardar og folk" i 2 band. Drange arbeidar òg med forfattaren Rasmus Løland sine dagbøker.