Eit bilete fortel

Skrevet av Mikal Heldal Onsdag 14/12/2005 - 01:00

I kalendaren 2006 er det for mars månad eit bilete frå pliktarbeid på vegen ned mot Skjellevik. Det er eit bilete som fortel rett mykje om tida attende mot 1930-åra. Arbeidstøyet er for dei fleste skjorte, vest og bukse. Dette at nær sagt alle brukte vest er vel eit døme på klesmote som tok slutt før 50-åra var omme.

Eit par karar har buserull – eit teikn på den nye moten for arbeidstøy, som vaks fram for fullt etter krigen.

Mange av karane har tresko, på mange måtar eit framifrå fottøy, i ei tid då folk hadde vakse opp med tresko og var van å bruka dei. Og så var det hatt eller huve – alle har hovudplagg på. I dag hadde knapt ein av dei hatt noko på hovudet.

Tidspunktet for biletet? Truleg tidleg på hausten. Det vanlege var å leggja plikta i tidsbolkar mellom onnene – her truleg etter hå-slåtten, men før potetopptaket. 16 mann er med på biletet. Og det er ikkje nemnande verktøy å sjå. Det som syner på biletet er at det er fjellboring på gang. Mineborar peikar inn i fjellknausen på vestre sida av biletet. To borehol - liggjarar - er under arbeid, og dermed er vel fire mann sysselsette med dette arbeidet – to til å slå og to til å snu boren. Det kan sjå ut til at Amund Tysnes står med eine feiselen. Elles er det berre ei skyffel å sjå, og i forgrunnen skaftet av ei slegge eller ei feisel. Opp langs fjellknausen står det lateinar. Det var venteleg basen, Møllerup L. Skaten, som stod for sprengingsarbeidet.

Sted