Den fyrste byturen min

I nokre skrifter etter far har eg funne eit barndomsminne som truleg i si tid var tenkt for ”Tysnes”, men historien vart aldri send inn. Kanskje den er verd å koma på trykk likevel. Eg let far sjølv fortelja:

Engel Skjellevik (1899 – 1992)

Det var ikkje so lettvint å koma til byen i eldre tid. Det var ikkje båtruter og ferjer slik som i dag. Rundt om i bygdene var det mange som hadde små jekter og skøyter, og så slo dei seg gjerne saman med naboar og kjenningar og siglde til byen. Dei rodde til byen òg.

Dei rekna med at om dei reiste heimanfrå tidleg om morgonen, så var dei framme utpå kvelden.

I Flakkavågen var det ein stor kalkomn, den står der ennå. Den var i drift til ut i 1880-90- åra. Det var gardane Flakka og Skaten som åtte denne omnen.

Dei hadde ei jekt som dei kalla Omnsjekto med den reiste dei rundt om i bygdene og selde kalk. Dei var nordover like til Sognefjorden, og dei var jamt innom Bergen på turane. Då var dei ofte bedne om å gjera byærend for naboar og kjenningar. Morbror min, Henrik Torbjørnsen i Nesthuslio, fortalde ein historie ein gong. Han var skomakar i Bergen, og ein gong han hadde vore heime, skulle han fylgja Omnsjekto til Bergen. Men dei var uheldige, dei fekk nordavindskuling. Første dagen kom dei til Reksteren ein stad der dei måtta taka hamn. Denne gongen hadde dei nokre høns med seg som nokre hadde bede dei å selja på torget til slakt. Dei vart liggjande så lenge i ei vik på Reksteren at hønsa måtte ha mat, og dei sleppte hønsa laus på dekket. Nokre av hønsa fauk på land, og karane måtte gå på land på hønsejakt. Dei fann dei fleste att. Det tok heile 8 dagar før dei kom fram til Bergen.

Men då eg hadde første byturen til Bergen, det kunne vel vera i 1908 eller 1909, då var det båtruter til byen 2-3 gonger i veka. Me hadde mykje frukt og bær heime hjå oss i Kalvavikjo, og kvar haust reiste far min til byen og selde frukt og bær på torget. Og eit år fekk eg vera med. I Bergen skulle me bu i Nedre Blekeveien hjå Johannes Hetlelio, verbror til faster Jorinde og son til «Johannes onde Haugen» ved Hetlelid-støo. Johannes Hetlelio var skomakar i Bergen. Han var noko steghalt, hugsar eg.

Det var ein gild tur for meg som aldri hadde vori om bord i ein dampbåt. Me reiste frå Nordhuglo med "Lyderhorn". Då billettane var betalte, fekk eg utlevert min, men under reisa vidare vart billetten krølla i lomma. Dette fekk eg sidan påtale frå billettøren om, og for ein liten kar på si første byreise, var dette så pass alvorlege ord at hendinga vart hugsa for all ettertid.

"Lyderhorn" hadde mange stoppestader. Fyrst var det Medhamar, så var det Flatråker, Neshamn, Klinkholmen og til sist Bruntveit. Då var det ikkje fleire stopp før me kom til Brattholmen, men då var det ikkje langt igjen.

Då me kom til Kvarven, høyrde me så mykje dur og brak, og det la til etter kvart som me nærma oss byen. Dette var brak frå kjerrer og skodde hestar som køyrde i dei steinlagde gatene.

Då me kom fram til byen, fekk me låna ei handvogn, og så var det å koma i veg til torget. Då som i dag var det livleg torghandel. Prisane ein fekk for frukta var ikkje særleg høg. Det var stikkelsbær me hadde denne gongen, og for dei fekk me 12-15 øre literen.

Lars Lie hadde handel i Strandgata, i andre høgda i same huset hadde søster til kona hans pensjonat. Dei som budde der hadde kost og losji. Alette, yngste søstera mi (sidan gift med Mikal Økland), hadde teneste der, og om kvelden fekk eg vera med henne på kino. Det var litt av ein opplevelse for meg.

Det var mange småkinoar i Bergen i den tida. Utanfor kinoane stod ein kar i uniform som praia folk som kom forbi og ropte ut om det storslagne programmet kinoen hadde denne kvelden. Det me såg minnest eg litt av enno. Det var eit forlis, og ei seglskute med sundrivne segl kom rekande mot land og vart knust då ho nådde inn.

Det er mange endringar i Bergen sidan den tida. Christiestatuen stod på Torgalmenningen då, og han såg nedover torget. I 1917 var den store bybrannen, og mykje vart endra ved etterpå.

Far min var båtbyggjar, han hadde vore i lære som skipsbygningsmann òg. I fire år, frå 1910-14, arbeidde han hjå Mjellem og Karlsen på Møllenpris. Det var berre trebåtar dei arbeidde der då. Det var 10 timars dag, og timeløna var 28 øre då han byrja. Då han slutta i 1914, var løna komen opp i 42 øre. Dei kunne arbeida overtid så mykje dei ville, men det var ikkje tillegg i løna for overtid.

Ein gong i 1912 eller 1913 kom det første flyet til Bergen. Det var ein franskmann, Chantelaup, som var der med eit lite fly. Han gjorde nokre rundkast med flyet oppe i lufta. Han tok av og landa på Skansemyren.Lyderhorn

 
”Lyderhorn” vart sjøsett ved BMV 9. februar 1878, og på prøveturen gjorde den 12½ knop. Ingen andre propelldrivne handelsskip i Noreg på den tida greidde det same. Båten vart bygd for Vestlandske Dampskipsselskab for ekspressrute Bergen-Stavanger. Men den brukte mykje kol, om lag 4 tønner i timen, og ruta vart ein fiasko. HSD overtok båten i 1883, og i 1897 vart den ombygd og fekk m.a. ny maskin og lukka bru.

1. mars 1916 vart den pårend av lastebåten ”Leander” i Lerøyosen og sokk på 40-50 famnars djup.
(Teikning henta frå: Bård Kolltveit – ”Over fjord og fjell. HSD 1880-1990”) Engel, Alette og Jørgen
Søskena Engel, Alette og Jørgen fotografert i Bergen om lag på den tida artikkelen fortel om. Alette hadde teneste på pensjonatet i huset til Lars Lie i Strandgata.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *