Med Sogelaget i spora etter Våge Lysverk

Sundag 15. juni arrangerte Tysnes Sogelag årets første tur av dei etter kvart så tradisjonsrike vandringane sine. 12 personar pluss ein hund hadde møtt opp på Amundstølen på Gjerstad for å få med seg eit stykke lokal industrihistorie.

Her finn me nemleg restane etter Våge Lysverk, som i si tid var det største av dei spreidde småkraftverka kringom på Tysnes.

Sundag 15. juni arrangerte Tysnes Sogelag årets første tur av dei etter kvart så tradisjonsrike vandringane sine. 12 personar pluss ein hund hadde møtt opp på Amundstølen på Gjerstad for å få med seg eit stykke lokal industrihistorie.

Her finn me nemleg restane etter Våge Lysverk, som i si tid var det største av dei spreidde småkraftverka kringom på Tysnes.

Veteranen Helge Storetvedt var invitert for å fortelja om stasjonen og alle dei tekniske finessane og gje tilhøyrarane glimt frå anleggstida for meir enn sytti år sidan, men har sjølv vorte for gammal til å følgja restane av røyrgata oppetter lia i lag med det øvrige følgjet. I ein mannsalder styrte han det tekniske ved Tysnes Kraftlag sin sekundærstasjon på Langeland. – Det var Olav Helland, han som stifta Våge Lysverk, som var den første læremeistaren min, fortalde han. – Det var her eg byrja med kraftutbygging, i lag med han. Eg var tolv år gammal. Me heiste sand opp til demninga. Eg fekk styra motoren. Det var svære greier. I dei dagar var det litt av eit anlegg.

Det einaste tiltaket ein med rette kunne kalla eit "kraftverk" i den første tida med straum, var nettopp Våge Lysverk som vart etablert i 1934. Det var sivilingeniør Olav Helland som stod for dette. Helland var ein av dei mange arbeidslause på 30-talet, men hadde det pågangsmotet som skulle til for å skapa si eiga verksemd. Dermed planla han eit kraftverk av atskilleg større dimensjonar enn det som hittil hadde vore vanleg i kommunen.

Følgjet nedanfor demninga ved Skarstjødnet Helland prosjekterte ei utbygging av Gjerstadelva og fekk bygd ei røyrgate til Amundstølen der kraftstasjonen vart bygd. Her vart det montert ein likestraumsgenerator på 46 kw, og strekt liner kringom i Tysnesbygda. Det var ikkje noko dårleg kraftverk, men det hadde sjølvsagt sine minussider. Etter kvart som straumforbruket auka og nye abonnentar kom til, og ikkje minst i periodar med kulde og turke, kunne det snart bli mørkt i heile bygda. Likevel må ein vel ha lov til å seia at Tysnes Lysverk representerte ein revolusjon i høve til kva ein hadde hatt tidlegare. Men lysverket leverte ikkje straum til alle, og heller ikkje med god nok spenning, så då Tysnes Kraftlag tok til å levera straum i Våge gjekk det ikkje lang tid før Tysnes Lysverk var ein saga blott. Den vesle kraftstasjonen med turbinen og generatoren vart ståande på Amundstølen i mange år, men er no til nedfalls. Ein kan framleis sjå restane av røyrgata oppetter lia. Det var så varmt den sommaren då dei la opp røyrgata at dei måtte jobba om natta. To mann måtte bera dei tunge røyra på plass opp til demninganlegget. Det må ha vore eit slit utan like.

Undervegs opp til demninga finn me framleis restar etter både røyra og løypestrengen som vart nytta. For ikkje å snakka om at det også er lagt inn "trappetrinn" fleire stader undervegs. Alt saman vart gjort med handamakt. Vel oppe finn me den nedste demninga, som no ligg der nærast som ei myr. Her kan me tydeleg sjå demninga.

Nokre hundre meter frå den nedste demninga finn me sjølve Skarstjødnet. Det kan vera vanskeleg å finna, men det ligg ovanom mot nord. Det er eit stort tjødn. Herfrå vart det slept vatn ned i det nedste tjødnet.

Fleire i følgjet tok til orde for at demninga burde markerast betre. Det er eit ypparleg turmål, ikkje minst for barnefamiliar. Det er ein overkomeleg tur for dei fleste, og det er flott å rasta ved vatnet. Frå stien til Gjerstadstølen er det nyleg rydda ein sti opp til vatnet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *