Medlemmar frå Tysnes Sogelag til Suldalspelet

Laurdag 29. juli var nokre medlemmar frå Tysnes Sogelag på vitjing i Suldal, m.a. for å sjå Suldalspelet: Kirsten Alsaker Kjerland, Mikal Heldal, Olav Skjellevik og Knut Rage.

Laurdag 29. juli var nokre medlemmar frå Tysnes Sogelag på vitjing i Suldal, m.a. for å sjå Suldalspelet: Kirsten Alsaker Kjerland, Mikal Heldal, Olav Skjellevik og Knut Rage.

Etter framsyninga fekk me sjå litt "bak kulissane", studera det flotte amfiet og snakka med skodespelarar og medarbeidarar – og då stod sjølvsagt eit møte med Anne Elisebeth Skogen på programmet, som i lag med mannen Ernst Berge Drange for tre år sidan tok initiativ til å be Johannes Heggland om å skriva eit spel med emne frå Suldal. Anne Elisebeth har arbeidd som regiassistent for stykket.

Før framsyninga hadde me eit møte med bygdebokskrivar og førsteamanuensis Ernst Berge Drange ved Ryfylkemuseet, som orienterte om museet og om noko av det lokalhistoriske arbeidet som vert gjort i Suldal, m.a. gjennom årbok og ymse andre publikasjonar. Me fekk også ei grundig innføring i den historiske bakgrunnen for Johannes Heggland sitt sogespel.

Spelet handlar om konflikten kring rettane til laksefisket i Suldalslågen i mellomalderen, og skildrar dramatiske samanstøyt mellom dei lokale bøndene og munkane frå Halsnøy kloster, som hadde rettar i elva. Det er eit stort lerret som såleis vert spent opp. Etter orienteringa tok delegasjonen ein tur opp til Sandsfossen for å sjå staden der konflikten mellom Halsnøy-munkane og lokalbefolkninga oppstod.

Utescenen, i form av eit amfi, fungerte godt som bakgrunn for stykket, i lag med dei grøne bakkane og fjella i det fjerne. Inn i den historiske handlinga er det fletta ei kjærleikshistorie mellom to unge, Gudrid (Birgit Nerheim frå Suldal, som elles jobbar som skodespelar i London) og Vigleik (Eirik Fauske). Ein figur ein ikkje gløymer så lett er abbed Jon, spela av Andreas Kolstad.

Det ligg samanlagt eit par års arbeid bak spelet, der profesjonelle skodespelarar og lokale amatørar spelar saman. Det er ei ordning som har vist seg å fungera svært bra. Det er ikkje få aktørar frå Suldal og andre friviljuge medarbeidarar som har lagt delar av sommarferien sin til kulturhuset og det nye amfiet for å vera med på denne historiske framsyninga. Totalt er ca. 60 personar i sving.

Om kvelden var me alle inviterte heim til Anne Elisebeth og Ernst på "grillparty", der me hadde nokre trivelege timar i lag med andre gjestar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *