Brugdefangst og siste brugda i Flakkavågen

Skrevet av Kaare Myrvold … Torsdag 02/09/2010 - 23:22

 

Brugdefangst og siste brugda i Flakkavågen.

 

Brugde

 

I Sunnhordland årbok 1969 skreiv Johan Tufteland om ”Den gamle brugdefangsten”. Der fortel han mellom anna om handelsmannen i Kvalvåg, Hendrik Christie, som i si tid vart ein føregangsmann innan fangst av brugda. Dei store åra for brugdefangst var frå om lag 1770 og til 1850.

Christie hadde ein dreng frå Flakkavågen – Hans Andersen (1753). Hans førte brugdebåten, eller ”bregdebåten” som det vel heitte lokalt, til Christie til han gifta seg og byrja for seg sjølv. Hans busette seg på Gåsnes 1780, og Tufteland skriv at ”der står stova hans enno”. Sønene til Hans – Anders Gåsnes og Tormund Stangeland - tok opp fangsten vidare og dei vart begge velstandsfolk, og åtte mellom anna partar i Ølens-kyrkja og Avaldsnes-kyrkja. Det skal finnast både harpuner, flense- og brugdekniv etter dei.

Hans Andersen (1734-1793) var truleg frå Espevikjo (E.B. Drange: Gards- og Ættesoge for Tysnes, bd. IV, s. 785). Hans vart gift i 1769 med Maria Peders(Petters?)dtr. Barmen (f.1736). Maria var soleis av Barma-slekt og ho var tippoldebarn av Axel Mowat.

 

Under ”Tysnes rundt” har det år om anna vore med brugdebåt frå Austevoll. Desse båtane kunne ha litt ulik storleik, men ein middels stor brugdebåt tok om lag 20 strokk (tønner). Brugdelevera kan ha ein storleik som utgjer meir enn 20% av vekta til fisken. Og brugda kan bli opptil 12-13 m på det meste, og er vel – etter kvalhaien – den største fisken i verda. Dette fisket tente dei gode pengar på i mange år sjølv om det berre var levera dei nytta. Samanhengen var vel at etterspurnaden etter lyse (tran) var særs god desse åra – før mineralolja kom og tok over marknaden. Det var same utviklinga i fleire kystsamfunn kring i Europa, som på t.d. St Kilda vest for Skottland, men der var det olje frå sjøfugl dei hadde innkome frå.

Det kunne vera 10-12 tønner lever i ei brugde, og Tufteland skriv at dei for lyse fekk ½ dalar for kanna, og levera frå ei middels brugde kunne såleis seljast for opp mot 150 dalar – mykje pengar i dei dagar. Det har og vore peika på at lyse frå brugda hadde særlege eigenskapar, mellom anna med omsyn til kva temperatur den kunne tåla.

 

Fangsten var enkel – dei siglde eller rodde og styrde med ei år slik at ” - det kom ei fin vór eller rast etter båten. I denne rasta samla raudkamåta seg og det var maten brugda skulle ha”.

Brugda seig så nær båten at dei stakk henne med harpun festa til ei hampelina på nærare 300 famnar. Hampelina måtte vera lenger enn avstanden ned til botnen. Brugda gjekk rett til botnar og trefte den då på fjellgrunn så slo ho seg i hel. Viss ikkje så skjedde tok ho av garde og kunne dra båten langt av leid. Når brugda vart utmatta vart ho halt inntil båten og bunden opp framme og bak. Buken snudde seg opp og dei skar ut levera slik at den flaut ut, og så måtte dei løysa toga framme og bak slik at fisken ikkje drog båten under. Levera vart kutta opp og samla i tønner. Dei kokte lyse av levera og det var salsproduktet. ”Karane hadde litt av ein fest om hausten når dei dreiv og brende lyse. Dei kjøpte seg gjerne eit lite brennevinsanker som dei skorde opp attmed grua, og då gjekk dei i ein rus så lenge brenninga stod på. Men det var også dei som tykte det vermde nok med berre brenninga.”

Så langt Tufteland.

Men i Flakkavågen fekk me ei brugda på vitjing på 50-talet. Ei så stor fisk måtte vekkja merksemd. Me såg brugda nede ved Sletteskogsjøen – der seig ho forbi ein dag. Nils Skorpen, som var postmann på den tida, rodde på brugda ein dag han var på veg utover med posten. Dessutan gjekk brugda i garnet til Hanno Flakka – det vil seia – brugda tok garnet med seg. Enden på brugdesoga var at Lars og Olav Skaten rodde bort og slo ei heimelaga harpun i brugda borte ved Rundeholmen. Det kom inn ei skøyta med solid vinsj – dei løfta litt i fiske slik at ein kunne ta ut levera. Så vart brugda sleppt til botnar, og i klår sjø kunne me i åra etterpå sjå beingrinda. Og levera? – det siste eg såg av den var at det stod ei tønne eller to med lever utanfor butikken på Skato. Slik enda siste brugdefangsten på våre kantar. Og så skulle me vel vore ein tur til Gåsnes – det må verta ei sak for Tysnes sogelag.

 

Fil:Brugde.JPG

 

Mikal Heldal

Stikkord