Boksal på Tysnesfest

Arrangement
Stikkord
Sted

Bilete viser Liz Malkenes og Mikal Heldal som riggar til med bøker og anna på standen. Glaset til høgre innheld blodigler frå Setteskogen. To av iglene  vart fanga med grillribbe som agn. Den tredjevart fanga med entrecote som agn.

Også i år hadde sogelaget stand på kaien i Våge under Tysnesfest arrangementet på laurdag. Nytt av året er at sogelaget har fått laga eit flott banner med logo og namn. Med god plassering vart standen godt vitja og fleire kjøpte bøker. Det kom til og med folk som ba om medlemskap i laget. Betre kan det vel ikkje bli.
Mikal hadde også fanga blodigler og fortalde om bruk av igler i folkemedisinen i gamle dagar.  Det som mange kanskje  ikkje er klar over at blodigler vert nytta innan medisinen også i dag.