Andreas Haukefær til minne

Andreas Haukefær gjekk bort denne hausten. For for dei mange kjenningar av Andreas og for Tysnes sogelag var det eit stort tap.

Andreas var kunnskapsrik, omgjengeleg og med ein fin humor. Me hadde planar for at Andreas skulle skriva meir for sogeskriftet vårt, men slik vart det ikkje.

På Sogelagssoddet 2004 fekk me ei hugnadsstund saman, der Andreas mellom anna mintest ein historie om lensmann Tvedt: Det var pliktarbeid på ein vegstubb i Sørbygdo då lensmannen dukka opp i eit eller anna ærend. Det var ein skokk med karar samla og Tvedt ga utrykk for at her var dei ikkje lett å skilja mellom storkarar og småfolk. Då var det ein kar som sa: ”Jau den forskjellen skal eg seia deg lensmann – småfolket har kryl på ryggen og storkarane har krylen på magen”.

Eg er takksam for at eg fekk nokre stunder saman med Andreas Haukefær – eg skal minnast han som eit fint menneske, ein god forteljar og eit engasjert menneske.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *