2010

Skrevet av Bent Sigmund Olsen Fredag 08/03/2019 - 22:49

Vøling av Gjestadkvedno.

10/03/2010

Gjerstadkvedno etter siste arbeidsøkta.jpg

 

Den gamle kvedno som står nederst i Gjestradelvo har no fått nytt tak. Kvedno stod til nedfall, men ein del entusiastar har lagt ned mange dugnadstimar for å redda det gamle kulturminnne.

Restaurering

Flakke Kalkverk

09/18/2010

Teikning av Helge Lavik.
Artikkelforfattar Olav Skjellevik

I traktene rundt Flakkavågen og på Skorpo har me ein naturressurs me er åleine om på Tysnes. På Sletteskog, Barmen, Hetlelio, Skorpo og Laukhammar. Dessutan på øyene Ånuglo og Seløyo austfor Florneshalvøyo og Storsøyo nordfor Huglo. Her har det vorte brote kalkstein og marmor frå middelalderen av.Frå Varaldsøya ute i Hardangerfjorden, over austsida av Tysnes og Stord til sørste delen av Bømlo er det eit kalksteinsbelte som vart til i det vi kallar kambrosilurtida for om lag 400-500 millionar år sidan.

Brugdefangst og siste brugda i Flakkavågen

09/02/2010 Brugde

I Sunnhordland årbok 1969 skreiv Johan Tufteland om ”Den gamle brugdefangsten”. Der fortel han mellom anna om handelsmannen i Kvalvåg, Hendrik Christie, som i si tid vart ein føregangsmann innan fangst av brugda. Dei store åra for brugdefangst var frå om lag 1770 og til 1850.

Utstillinga i Onarheim kyrkje

08/14/2010

Timeglaset på preikestolen i Onarheim kyrkje.Olav Skjellevik var initiativtakar til utstillinga som i sumar vart sett opp i Onarheim kyrkje. Målet var å ha det klart til olsokmarkeringa i år, og det gjekk greitt, fortel Olav.

Eg har fått mange lovord om utstillinga og den skriftlege omtalen som eg har laga for kvar einaste objekt. Det meste har eg funne bortgøymt i skuffer og skap bak alteret, sakristiet og jamvel i klokketårnet. Det er gamle salmebøker og biblar og jamvel timeglaset som prestane laut bruka på preikestolen for å halda kontroll på at dei ikkje preika meir en 1 time som var strengt regulert i gamle dagar.

Årsmøte 22. mars

04/21/2010 Årsmøte i Tysnes Sogelag mars 2009

 

Det var mange sogelagsmedlemmer som møtte til årsmøte i Tysnes Sogelag som vart avvikla i Tysnes Sparebank sitt møtelokale i Uggdal.

 

Lokalhistorisk seminar i Solheimsdalen.

04/16/2010 Lokalhistorisk seminar i Solheimsdalen

Sist laurdag var det duka for det fyrste lokalhistoriske seminar i Solheimsdalen. Liz og Kaare Malkenes hadde invitert ein del kjente og aktive kulturpersonar til seminar og festleg samvær i dei gamle stovene til Søra-Peren.

Brit Kjellesvik Rage fortalde om - og viste den nyoppretta databasen om folkedrakter på Tysnes. Ho viste også mange døme på gamle klesplagg frå Tysnes som ho har i samlinga si.

Spanskesjuka i Sundagsakademiet

04/15/2010

Urter i Sundagsakademiet

04/15/2010


Sundag 18. april vert det ein ny foredragskveld på Tysnes folkebibliotek, i serien me har kalla "Sundagsakademiet". Denne gongen er turen komen til Anna Lise Sortland, som skal snakka om urter.

"Grønnkrafta" : urter til mat og medisin, har ho sett som namn på foredraget sitt. Anna Lise Sortland kjem til å snakka om urter som veks rundt oss - "ugras" som medisin, litt om hageurter og litt om medisinsk bruk av desse, og om korleis ein kan foredla urter ved turking, ekstrakt og oljeuttrekk. Ho vil fortelja historiar om urtebruk og om sine eigne erfaringar.

Jens Tvedt-kveld på Sundagsakademiet

04/15/2010

15. mars går det siste Sundagsakademiet for denne sesongen av stabelen. Då vert det til gjengjeld ein liten godbit: i kjølvatnet av Jens Tvedt-kabareten som hausta stor suksess no nyleg kjem sønene Asbjørn og Kolbjørn for å fortelja om faren - kunstnaren og diktaren Jens Tvedt.

Styre og stell

Tysnes sogelag no er registrert i Brønnøysundregistrene etter gjeldande reglar for foreiningar og lag. Organisasjonsnummer 993 061 212

Etter årsmøte 18. mars 2018 ser styret slik ut:

Stikkord