2009

Skrevet av Bent Sigmund Olsen Fredag 08/03/2019 - 22:53

Med Sogelaget i spora etter Våge Lysverk

06/21/2009

Sundag 15. juni arrangerte Tysnes Sogelag årets første tur av dei etter kvart så tradisjonsrike vandringane sine. 12 personar pluss ein hund hadde møtt opp på Amundstølen på Gjerstad for å få med seg eit stykke lokal industrihistorie.

Her finn me nemleg restane etter Våge Lysverk, som i si tid var det største av dei spreidde småkraftverka kringom på Tysnes.

Jens Tvedt-kveld på Sundagsakademiet

03/11/2009

Jens Tvedt15. mars går det siste Sundagsakademiet for denne sesongen av stabelen. Då vert det til gjengjeld ein liten godbit: i kjølvatnet av Jens Tvedt-kabareten som hausta stor suksess no nyleg kjem sønene Asbjørn og Kolbjørn for å fortelja om faren - kunstnaren og diktaren Jens Tvedt.

Spanskesjuka i Sundagsakademiet

02/06/2009

Eit overslag viser at noko slikt som 10 000 nordmenn døydde under Spanskesjuka i åra 1917 og 1918 - på verdsbasis skal det ha vore noko slikt som 30 millionar. Også på Tysnes kravde den nifse sjukdommen sine dødsoffer. Og mange, mange fleire hadde lege sjuke, men friskna til att. Dette er noko av det dystre bakteppet for Olav Skjellevik sitt føredrag i Sundagsakademiet sundag 15. februar.

Tron Bach i Sundagsakademiet

01/19/2009

Mange tysnesingar gjekk glipp av eit storveges og interessant føredrag då Tron Bach snakka om og viste unike bilete frå bygginga av Bergensbanen. På sundag var det berre 25 frammøtte, men dei fekk i alle høve valuta for oppmøte, og fekk høyra og sjå ei detaljert og innhaldsrik soge om planane og realiseringa av eit av Noregs største sambandsprosjekt gjennom tidene.

Stikkord