Attval på Årsmøte

Arrangement
Nyhet
Stikkord

 

Sigrid Kaale frå Kvam Soge- og Kulturminnelag.

Årsmøte vart avvikla på Tysnes Skule sundag 11. mars. Sigrid Kaale frå Kvam Soge- og Kulturminnelag var gjesteforelesar og før framsyning av filmen "På løypestreng over Fykse", fortalde ho om filmen som mannen hennar laga for NRK i 1976. Filmen er blitt eit viktig kulturminne som syner innhaustingsteknikk med bruk av løypestreng på dei brattlendte gardane på Fykse. Mikal vart attvalt som leiar. Nytt styremedlem vart Åsta Hansen som har fungert for kasserer siste året.  24 medlemmer møtte og etter årsmøte vart det på tradisjonelt vis ein god prat attåt mat og kaffi ved borda. Årsmeldinga finn du her.