Jubileumsmarkering for sogeskriftet.

Arrangement
Nyhet
Stikkord
Sted

 

Professor Ole Didrik Lærum får blomar og Sletteskoglefser som takk for eit stålande foredrag.

Årets Sogeskrift for Tysnes er det 10. i rekkja, og vart markert med jubileumsmiddag og kulturelle innslag på Sogesoddet i ungdomshuset Vonheim 1. desember. Om lag 60 personar deltok og fekk mellom anna høyra professor Ole Didrik Lærum sitt foredrag om forskaren og patologen Armauer Hansen som oppdaga leprabasillen. I år er er det også ei markering  for Armauer Hansen då det er 100 år sidan han døyde. 
Artikkel i Bladet Tysnes. klikk her.   
 

Mikal Heldal ( leiar i Tysnes Sogelag) og Olav Skjellevik gjer klart til filmframsyning.

Britt Sætre Agdestein, Liz Malkenes og Elling Skartveit smakar på kakene.

Stort kakebord er fast på menyen når det er sogesodd.

Mikal Heldal var godt nøgd med jubileumsmarkeringa.