Sivlekvelden

Jens BrekkeDet vart et par gilde timar med både lått og løye då Jens Brekke frå Vik i Sogn vitja sundagsakademiet 12. Oktober. Den skuletrøyte læraren som tener til livet med å reisa rundt med mellom anna kåseri om Per Sivle og Jakob Sande, fekk  retteleg taket på publikum.

I tillegg til å fortelja den tragiske livsoga til Sivle, vart det framføring av eit par livate vossastubbar og allsong med diktaren sine mest kjente  viser "Den fyrste song eg høyra fekk" og "Og vesle lerka du hev det slik", og han Jens han spelte trekkspel til. Ei verkeleg triveleg stund tykte dei og lag 70 frammøtte.

Elles fekk forsamlinga høyra at fødestova til Per Sivle på ingen måte var rasert og øydelagt. For dei som hugsar innslaget i Vestlandsrevyen tidlegare i år, der me fekk  inntrykk av at grunneigaren hadde rive stova slik at ho var tapt for all framtid?

Feil! Grunneigaren har teke godt vare på stova som Sivle-laget no er eigar av. Planen er at dei med tid og stunder skal få reist stova att på den rettlege plassen der diktaren var fødd.

Hørdis Heggland var til stades på sundagsakademiet og fekk prata med Jens Brekke.

- Eg trudde eg visste det meste om Per Sivle, men no fekk eg faktisk høyra nytt som eg ikkje visste frå før. Sundagsakademiet er eit fint tiltak, det er berre det at eg høyrer litt dårleg og skal eg få koma med et ynskje, så håpar eg at høgtalaranlegget vert nytta att.

Knut Rage og Olav Skjellevik var båe spente på om det kom noko folk denne gongen. Denne helga var det fleire kulturtilstellingar i kommunen, men dei uroa seg til skammar. Folk strøymde på slik at ekstra stolar måtte finnast fram. Dermed føyer Per Sivle kvelden seg inn i rekkja av suksessrike tilstellingar i regi av Sundagsakademiet! Fleire bilete her

Om Tysnes Sogelag

Tysnes Sogelag har til føremål å fremma interesse og kunnskap om lokalhistorie. For å ta vare på det historiske tilfanget, vil Tysnes Sogelag samarbeida med Lokalhistorisk arkiv i Tysnes. Tysnes Sogelag skal, så sant det let seg gjera, årleg gje ut eit tidsskrift med eit innhald som er, eller kan verta, av lokalhistorisk verdi.

Tysnes Sogelag er medlemslag i Hordaland Sogelag

Viktige lenkjer.
Riksantikvaren kulturminnesøk

Krigsminne på Rekstern
 

Våpen utrustninga på kystforta på Rekstern
 

Turar og arrangement i 2018.

Årsmøte sundag 18. mars kl. 15
i Tysnes Bedehus.

Sogesodd.

 

 

Nettbutikk

OBS! Sogeskrift for 2008 og 2009 er utseld. Tysnes Sogelag har oppretta nettbutikk og no kan du kjøpa bøker  på nett. Med tida vil me utvida tilbodet slik at du også kan kjøpa andre publikasjonar. Det er enkelt å kjøpa på nett. Du klikkar på Nettbutikk øvst på sida så kjem du direkte inn i netthandelmodulen.Les mer.