Pål Knutsson og Kensingtonsteinen

Pål Knutsson og KensingtonsteinenSundag 27. januar var det oppstart for årets fyrste ”Sundagsakademi” i biblioteket i Tysneshallen. Tema for møtet var «Runer før Columbus – om norrøn utforsking av Nord-Amerika». Foredraget tok føre seg Pål Knutsson frå Onarheim som levde på 1300-talet, mannen som ofte er sett i samband med den vidkjende Kensington-steinen, steinen med skandinaviske runer som vart funnen på prærien i Nord-Amerika i 1898.

Denne gongen var det initiativtakar til Sundagsakademiet, bibliotekleiar Knut Rage som haldt foredrag og viste bilete. Han fortalte at han allereie for 10 år sidan fekk veldig interesse for Kensington-steinen, og ikkje minst for alt som er blitt skrive om Pål Knutsson frå Onarheim i Tysnes, som kan vera ein av dei 22 nordmennene som runeskrifta på steinen fortel om. Som den ”djevelens advokat” han som amatørforskar i mange høve likar å kalla seg, framførte han synspunkt som truleg vil inspirera til tankeverksemd rundt funnet av Kensingston-steinen og sjå dette og mange tilsvarande funn i Nord-Amerika i ein større samanheng. Han meiner at steinen berre er eitt av mange arkeologiske funn som kan tyda på norrøn innvandring og busetting i Nord-Amerika i høgmellomalderen (år 1000 – 1200), lenge før Columbus oppdaga Amerika 140 år seinare.

Kensingtonsteinen
Under dyrkingsarbeid sommaren 1898, på farmen sin i den vesle bygda Kensington i Douglas County i Minnesota, fann den svenske utvandraren Olof Ohman ein flat stein innfiltra i røtene på ei stor osp. Den ti år gamle sonen hans Edvard var den fyrste som fekk auga på dei mystiske teikna på steinen. Indianarteikn, trudde guten. Greske, meinte naboen, som var frå Noreg. Steinen vart granska av mellom anna den norske professoren Olaus J. Breda ved universitetet i Minnesota. Granskarane konkluderte med at steinen var eit falsum, og vonde røyster skulda til og med finnaren for å ha rissa inn desse mystiske teikna.

Kensingtonsteinen vart funne i 1898Olof Ohman som verken hadde evner eller motiv for å gjera ei slik forfalsking, var skuffa og vonbroten, men tok likevel vare på steinen og frakta han heim til huset på garden. Og som ofte når ein fann ein flat og høveleg stein, vart han nytta som steinhelle framfor inngangsdøra, og til alt hell vart han lagt med innskrifta ned.

I 1907 kom Hjalmar Rued Holand til Kensington, i samband med innsamling av historisk materiale til boka ”History of the Norwegian Settlements of America”. Han vart veldig oppglødd då han fekk sjå steinen og fekk granska innskrifta på nytt og det vart stadfesta å vera skandinaviske runer. Den tydinga som no er den offisielle, er følgjande:

”8 göter og 22 nordmenn på oppdagingsferd frå Vinland til Vesten. Me hadde leir ved to skjær ei dagsreis nord for denne steinen. Me var og fiska ein dag. Etter me kom heim fann me ti menn raude av blod og døde. Ave Maria. Frels frå det vonde. Har ti menn ved havet for å sjå etter skipa våre fjorten dagars reis frå denne øy. År 1362.”
Pål Knutsson frå Onarheim

– Samstundes med at eg granska Kensingston-steinen, brukte eg ein god del tid på å granska alle tilgjengelege gamle diplom og dokument som omhandlar Pål Knutsson frå Onarheim, fortel Knut Rage. – Mykje kan tyda på at han var med på oppdagingsferda som står skildra på runesteinen. Pål Knutsson eigde store deler av garden Tveit på Tysnes på 1300 talet. Garden ligg på austsida av Tysnes med flott utsikt mot Kvinnherad. Pål Knutsson vart oppnemnt som ombodsmann for den svenske hertuginna Ingebjørg, mor til den fyrste norsk- svenske kongen, Magnus Eriksson, som sat i høgsetet i perioden 1319 – 1374. På den tida hadde me det såkalla Noregssamveldet som i tillegg til Noreg omfatta øyane i Vesterveg, mellom desse Shetland og Orknøyene, deler av Sverige, Island og Grønland.

Kong Magnus, eller rettare sagt mora hans som var ein myndig og bestemt hertuginne, gav Pål Knutsson i oppdrag å vitja dei norske busetjarane på Grønland, ei busetting som vart etablert noko seinare enn på Island og i Vesterveg. Det var kome urovekkjande meldingar om fråflytta bygder og at folket der oppe var i ferd med å falla frå den kristne trua. I 1355 eller 1356 vart ein ekspedisjon sendt til Grønland for å sjå til folket der. Ekspedisjonen var leia av Pål Knutsson frå Onarheim, som hadde tittel av høvedsmann på kongen sitt skip. Ekspedisjonen kom aldri attende. Først i 1364 kom 3-4 mann attende til Bergen.

– På 1930-talet sette den norskamerikanske historikaren Hjalmar Rued Holand denne ekspedisjonen i samband med Kensington-steinen, fortel Rage. – Hans teori gjekk ut på at Pål Knutsson og følgjet hans hadde kome til tomme bygder på Grønland og reist vidare vestover for å leita etter folket, som kunne ha emigrert til norrøne bygder i Nord-Amerika. Herfrå hadde følgjet via elver trengd inn i det noverande Minnesota, som den gongen var dekka av store innsjøar og bunde saman med eit nett av elver. Og det var altså her at dei rissa runene på steinen som vart funne att seks hundre år seinare.

Me veit at det var nordmenn på Newfoundland rundt år 1000, det har mellom anna forfattar og arkeolog Helge Ingstad sine utgravingar stadfesta. Dei kom frå Grønland, der det var norsk busetnad då. Men i 1362? Kan det forholda seg slik at når Pål Knutsson ikkje fann folk att på Grønland så haldt han fram med reisa si til Vinland?

The Runestone Museum i Minnesota er bygt opp omkring dette funnet, som er omstridd, for å seia det mildt. Oppheita diskusjonar har føregått mellom forskarar, arkeologar og etnologar i alle år omsynes ektheita av runene på Kensington-steinen, og denne diskusjonen vil nok halda fram lenge enno. Men tida går og det er gjort mange nye arkeologiske funn i Nord-Amerika som tyder på norrøn busetnad i høgmellomalderen. Så seint som i 1971 vart det funne fleire runesteinar i staten Maine som ligg på kysten i den nordaustre delen av USA. Desse runene er av same slag som vart funne på ein stein på Grønland i 1824. Elles er det funne både spjut og sverd som prov på norrøn busetnad, jamvel er det funne innrissing på eit sverd som liknar på seglet til Onarheimsgildet, seglet som no er kjenneteiknet til Hordaland Fylkeskommune. Og gildeskipnaden og Onarheimsgildet hadde si høgtid midt på 1300 talet, det har me fleire skriftelege prov på.

Kensingston-steinen til Noreg og Bergen?
Tysnesingen Mikal Heldal vil i lag med Knut Rage setja i gong arbeidet med å få Kensingston-steinen på utlån til Bergen Museum. Det bør dei lukkast med, for steinen var så seint som i 2003 på utlån til Sverige. Får dei dette til er planane å skipa til eit helgeseminar om Pål Knutsson på Onarheim i Tysnes. Dette er utruleg spanande, fortel ein entusiastisk Knut Rage. Det var stort oppmøte i biblioteket med om lag 50 frammøtte, og det var berre lovord frå deltakarane også denne gongen.

Her er bilete frå Sundagsakademiet i Tysneshallen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *