Sogesodd 2013.

Omlag 40 medlemmer og gjester var med på Tysnes Sogelag sitt tradisjonelle "Sogesodd møte" i Tysnes Bedehus sundag 1. desember, der årets "Sogeskrift for Tysnes", og kalender med gamle bilete frå dei 4 kyrkesokna blir lansert.

 

Sigmund Steinsbø var foredragshaldar på sogesodd i år og haldt eit interessant foredrag med overskrifta : På DNA-sporet av Mowatt-folk – kva kan moderne molekylarbiologi fortelja oss om røtene våre. Her mottek han bokgåve og takk frå leiar i Sogelaget Mikal Heldal.

Diplomet "Årets skribent" vart tildelt Anna Dorthea Espevik som er oldebarnet til Dorthea Espevik som var født og oppvaksen på den fråflytta fjellgarden i Ramsdalen. I 1990 fortalde ho til Sigurd Norheim, korleis det var og leva og bu på på ein avsidesliggjande gard. Dorthea Espevik var ei sterk kvinne på ymse vis også bokstavleg talt for ein seia, for det var mykje slit i dei dagar.
Som nykåra noregsmeister i styrkeløft har oldebarnet Anna Dorthea vist at ho har arva denne eigenskapen frå oldemora. Me tykte difor det er kjekt å tildela Anna Dorthea prisen og gåvesjekken som takk for forteljinga som no står på prent i årets "Sogeskrift for Tysnes", og for at ho som ein topp idrettsutøvar er med på å setja Tysnes på mediakartet, vart det mellom anna sagt i samband med prisutdelinga. Bilete over viser då ho mottek diplomet av Olav Skjellevik (midten), til høgre Nils Magne Singelstad frå skriftstyret.

Sosialt samvær rundt matbordet er fast post på alle sogesodd møta.

Om Tysnes Sogelag

Tysnes Sogelag har til føremål å fremma interesse og kunnskap om lokalhistorie. For å ta vare på det historiske tilfanget, vil Tysnes Sogelag samarbeida med Lokalhistorisk arkiv i Tysnes. Tysnes Sogelag skal, så sant det let seg gjera, årleg gje ut eit tidsskrift med eit innhald som er, eller kan verta, av lokalhistorisk verdi.

Tysnes Sogelag er medlemslag i Hordaland Sogelag

Viktige lenkjer.
Riksantikvaren kulturminnesøk

Krigsminne på Rekstern
 

Våpen utrustninga på kystforta på Rekstern
 

Turar og arrangement i 2018.

Sogesodd.

 

 

Nettbutikk

OBS! Sogeskrift for 2008 og 2009 er utseld. Tysnes Sogelag har oppretta nettbutikk og no kan du kjøpa bøker  på nett. Med tida vil me utvida tilbodet slik at du også kan kjøpa andre publikasjonar. Det er enkelt å kjøpa på nett. Du klikkar på Nettbutikk øvst på sida så kjem du direkte inn i netthandelmodulen.Les mer.