Turar i vesterveg 2007

ShetlandHar du drøymt om å reisa til Shetland og dei andre øyene i vest? I august arrangerer Hordaland Sogelag ein tur til Shetland og Orknøyene, samt ein tur til Hebridane. Reisene er ein lekk i eit større fleirårig opplegg for å vitja alle dei gamle norske områda i vest.

Shetland og Orknøyene høyrde i si tid til det norrøne kulturområdet, noko ikkje minst Shetland ber preg av den dag i dag. Heilt fram til 1800-talet var det ein tett kontakt mellom Shetland og Sunnhordland, og då ikkje minst på Tysnes. Nokre av storbøndene på Tysnes eigde i si tid gardar på Shetland. Det vart også laga båtar i "halvfabrikata" på Tysnes som seinare vart skipa over havet i større båtar og sette saman der. Alle kjenner også til Shetlands-Larsen og dei såkalla nordsjøbussane som gjekk i trafikk mellom det okkuperte Noreg og Storbritannia. På turen vil me reisa innom alle dei kjende stadene og køyra over heile Shetland frå sør til nord.

Også på Orknøyene står fortidsminna frå vikingetid og norrøn mellomalder nærast i kø – og ferda til Hebridane vert ikkje mindre spanande.

Reiseleiar for turen til Shetland og Orknøyene vil vera Knut Rage, medan Mikal Heldal vil losa deltakarane til Hebridane. I tillegg vil det vera britiske guidar. Datoar for avreise: til Shetland 7. august (åtte dagar), Hebridane 14. august (åtte dagar).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *