På sogelagstur til Kvinnherad

Tysnes Sogelag på tur til KvinnheradFint haustver med sol og lett bris på Onarheimsfjorden, vart eit godt utgangspunkt for året sogelagstur til Kvinnherad. Den pensjonerte kvalbåten SENET vart nok ein gong nytta til skyssbåt for medlemer av Tysnes Sogelag på vitjing til historiske stader på motsatt side av fjorden.

Terøy
Fyrste stopp var Terøy nett utom Haavik i Ølve. I farne tider ein naturleg stoppestad for alle skip som skulle nordover gjennom Lukksund. Her venta dei på ”bør” vart det sagt, rette vinden og straum til å seila trygt gjennom det smale sundet mellom Tysnes og Fusa med seglskipa. Terøyo kunne by på både husly og matstell i tillegge til skjenkestove, og me vil tru at det til tider kunne væra både folksamt og støyande på kaiane i dei tider. No står det berre ei sjøbu att og plassen ber preg av å væra ein attraktiv feriestad for folk med raske båtar.

Elles vert det sagt at det er godt drikkevatn på øya. Rykte fortel at på 1920 talet vart det seld kjeldevatn på Stord under namnet ”Tærøens klare kildevann”.

Jens Tvedt
På kvinnheradsida venta bussen og fyrste utfart til hovudmålet med turen, heimstaden i oppvekståra for forfattar Jens Tvedt. Jens Tvedt var fødd i Kvinnherad i 1857 og har 150 års jubileum til neste år. Tysnes Sogelag har planar om å markera jubileumet på ymse vis og difor var det naturleg å besøka heimen til den store diktarhovdingen. Diktaren budde over 50 år i Stavanger, og byen oppfattar han som ein av sine eigne, mellom anna vart han av Stavangerboken venner kåra til årets forfattar i 2005. Sjøl rekna Jens Tvedt seg som sunnhordlending alle dagar og var ein ihuga målman, det finn ein mange døme på ved å lesa bøkene hans. For dei som ikke har lese Jens Tvedt sine bøker kan dei prøva seg på ”Hamna-tjore” og ”Nybrot” spanande bøker med mange menneskelege skidringar, men ein god start kan også væra bebutboka fra 1885 novellesamling ” Inn i fjordane” skive på klassisk elegant nynorsk.

Sogelaget vitja også det gamle Rødtunet i Uskedalen, og avslutta med spasertur i den nye steinparken og baronihagen. I den lune haustsola og svalande vind, vart spaserturen i Rosendal ei finn og minnerik avslutning på årets sogelagtur.

Flere bilder frå turen

Om Tysnes Sogelag

Tysnes Sogelag har til føremål å fremma interesse og kunnskap om lokalhistorie. For å ta vare på det historiske tilfanget, vil Tysnes Sogelag samarbeida med Lokalhistorisk arkiv i Tysnes. Tysnes Sogelag skal, så sant det let seg gjera, årleg gje ut eit tidsskrift med eit innhald som er, eller kan verta, av lokalhistorisk verdi.

Tysnes Sogelag er medlemslag i Hordaland Sogelag

Viktige lenkjer.
Riksantikvaren kulturminnesøk

Krigsminne på Rekstern
 

Våpen utrustninga på kystforta på Rekstern
 

Turar og arrangement i 2018.

Sogesodd.

 

 

Nettbutikk

OBS! Sogeskrift for 2008 og 2009 er utseld. Tysnes Sogelag har oppretta nettbutikk og no kan du kjøpa bøker  på nett. Med tida vil me utvida tilbodet slik at du også kan kjøpa andre publikasjonar. Det er enkelt å kjøpa på nett. Du klikkar på Nettbutikk øvst på sida så kjem du direkte inn i netthandelmodulen.Les mer.