Med Hordaland Sogelag i vesterveg

Sogelagstur til ShetlandI slutten av august arrangerte Hordaland Sogelag ein tur til Shetland og Orknøyene. Dei 27 deltakarane fekk med seg ei spanande ferd i ein viktig del av det norrøne kulturområdet, der ikkje minst Sunnhordland og Tysnes har vore ein viktig del av sambandet med øyriket der vest. Det faktum at den mektige St. Magnus-katedralen på Orknøyene er den største norske kyrkja utanom Nidarosdomen seier sitt om kor viktig denne delen av det norrøne riket var.

Frå Tysnes tok Liz og Kåre Malkenes, Knut Rage og Mikal Heldal del på ferda. Sistnemde fungerte også som ein fantastisk god reiseleiar. Utan han hadde turen neppe vore det same.

Reisa markerte første delen av eit treårig reiseprosjekt der målet er å gjera ei rundreise i det gamle norrøne riket. Såleis står Hebridane og Isle of Man samt Normandie på programmet neste år, medan Irland vert vigd ein eigen tur om to år. Den tette tilknytinga til Noreg kjem også fram i dei mange norske stadnamna ein finn overalt.

Mikal HeldalEtter reformasjonen heldt det livlege sambandet med landa der i vest fram i form av fredeleg handel – den såkalla hjeltahandelen (Hjaltland var det gamle namnet for Shetland). Det var då særleg i Sunnhordland-regionen at det vart eksportert tømmer og anna trevirke til det trefattige Shetland, samstundes som det også vart utveksla varer den andre vegen, då særleg ullvarer frå Shetland til Vestlandet. Særleg frå Tysnes var eksporten stor – og då ikkje berre eksport av tømmer, men det vart også bygd båtar her som seinare vart transportert som halvfabrikata i større skip over Nordsjøen til Shetland, der dei vart klinka saman til heile båtar. Området der ein gjerne frakta desse båtane er den same staden som var landingsplassen for dei såkalla nordsjøbussane under krigen. Det var også sunnhordlendingar som hadde eigedomar på Shetland på 1500- og 1600-talet. Det var i desse åra hjeltahandelen var livlegast. Fleire tysnesingar budde på Shetland i kortare eller lengre periodar, og nokre fann seg ektemakar her. Såleis åtte m.a. Anders Mowat (seint på 1500-talet) ein gard på Shetland, på Ollaberry (Olavsberget) ved Northmavine.

På den vekelange turen var det lagt opp eit omfattande program. Dei første dagane vart nytta til å vitja ymse stader på Shetland. Scalloway var ein naturleg stoppestad. Her finn ein framleis spor etter den omfattande aktiviteten under krigen då nordsjøbussane søkte hamn her etter hasardiøse ferder over Nordsjøen. Bygningene står der framleis, og på det lokale museet finn ein bilete og gjenstander frå denne tida. Det er heller ikkje vanskeleg å finna eldre menneske som godt kan hugsa nordmennene som kom hit i krigstida. Som nemnd var Scalloway og Burra Island også ein sentral stad for hjeltahandelen og import av hjeltabåtar.

Elles stod ein grundig sightseeing i Lerwick på programmet, inkludert ei omvising og orientering om det nye Shetland Museum som for tida står tomt, i påvente av innflytting i 2007. Det er eit verkeleg stort prosjekt, til ein sum av ikkje mindre enn 10 millionar pund som kjem frå tippemidlar og lokale investeringar, kunne museumsdirektør Tommy Watts fortelja.

Før følgjet forlot Shetland var det i tillegg ei rekkje andre stader ein måtte ha med seg – då særleg dei arkeologiske utgravingane på Jarlshof, der ein kan følgja landsbysamfunnet gjennom bronsealder, jarnalder og vikingtid. Og sjølvsagt måtte me også ta turen til Tingwall, den gamle norrøne tingstaden på Shetland.

OrknøyeneEtter nokre særs travle dagar på Shetland gjekk turen vidare til Orknøyene, der inntrykka skulle koma til å stå i kø: den eldgamle mystiske steinringen på Brogar (der ein m.a. finn ein stein med norrøne blindruner), steinalderlandsbyen Skara Brae som er ein av dei først kjende jordbrukslandsbyane i Storbritannia, og sjølve rosinen i pølsa: Maes Howe. I følgje guiden er det eit fortidsminnesmerke på line med pyramidane i Egypt. Og det var unekteleg ei unik oppleving å krabba inn den ti meter lange låge inngangen for å koma inn i eit gravkammer som har stått urørt i omlag fem tusen år, der ein også finn eit vell av norrøne runer etter ei vitjing av vikingar for tusen år sidan. Eller var det St. Magnus-katedralen i Kirkwall som var rosinen i pølsa? Ikkje godt å seia. Sikkert er det at katedralen gjorde eit mektig inntrykk og gav oss ei levande påminning om føremålet med ferda – å finna att den norske kulturen i vest.

Hjeltahandelen er eit stort og spanande felt av den felles soga for Noreg og Shetland, og då ikkje minst for Tysnes. I tida frametter vil Tysnes Sogelag arbeida meir med dette materialet, i samarbeid med Shetland Museum. Målet er å arrangera ei utstilling om hjeltahandelen både i Sunnhordland og på Shetland, samt utgjeving av ei bok eller eit hefte om emnet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *