Nettbutikk

Tysnes gards- og ættesoge 1 – 4

Tysnes gards- og ættesoge 1 – 4

Tysnes gards- og ættesoge 2 Tysnes gards- og ættesoge 3 Tysnes gards- og ættesoge 2

Forfatter: Ernst Berge Drange
År: 1986 – 1991
Pris: 700 (enkeltband),
Registerband kr. 100.
Tilbud: Alle fire banda + registerband: kr.1500 for medlemmer / kr. 2000 for ikkje-medlemmer.
Kjøp enkeltband eller heile serien

Tysnes gards- og ættesoge er eit omfattande firebandsverk skrive av Ernst Berge Drange. Kvart band inneheld generell historisk omtale av kvar bygd og grendelag, forutan ein fyldig historikk for kvar gard.

Her er ikkje berre ætteledda teke med, du finn også personlege opplysningar og morosame soger om mange av alle dei tusenvis av menneske som er nemnd, forutan bilete som vart skaffa fram frå private heimar under arbeidet med bøkene. I bestillingslista finn du fleire opplysningar om dei einskilde ætttesogene for Tysnes. Les mer.

Johannes Heggland: Diktar og historikar

Johannes Heggeland

Forfatter:Diverse
År: 2009
Pris: 300
Tilbud: Tysnesmålet + Johannes Heggland: Diktar og historikar: 150 kr.
Kjøp desse bøkene

29. juni 2009 ville diktaren, historikaren og organisasjonsmannen Johannes Heggland fylt 90 år. Då han døydde i januar 2008, 89 år gammal, hadde han ein enorm produksjon bak seg, som romanforfattar, dramatikar og historikar – om lag 70 romanar for born og vaksne, eit dusin sogespel som vert spela trutt og jamt fleire stader på Vestlandet (Mostraspelet er kanskje det mest kjende), og ikkje minst ein innsats som lokalhistorikar. Det er gjerne som historikar og forfattar av historiske romanar ein tenkjer på Heggland. Det kan sjå ut til at det historiske arbeidet gav liv til ei oppkome av litterære verk – og det litterære arbeidet gav liv til lokalhistoria. Det er dette «vekselbruket» som vert avspegla i denne boka.Les mer

 

Tysnesmålet

Tysnesmålet
Forfattar: Johannes Heggland.
År: 2007
Pris kr. 100
Tilbud: Tysnesmålet + Johannes Heggland: Diktar og historikar: 150 kr.
Kjøp desse bøkene 

Med Tysnesmålet, ordsliste, ordnotat, ordtak og stubbar har forfattaren Johannes Heggland gjeve oss ein viktig  tilskuv til norsk talemålkunne. Her er samla ordtilfang frå Tysnes og Sunnhordland som Heggland har henta frå folkemålet og prenta kjelder, og som gjev innsyn i språklege og kulturelle tilhøve.  Les mer.

 

Sogeskrift

Forfatter: Diverse
År: 2004 – 2013
Pris: 150 (enkeltår)
Kjøp Sogekrift for Tysnes (oppgje årstal ved tinging)

 

Sogeskrift for Tysnes har kome ut årleg sidan 2002. Heftet vert gjeve ut saman med ein lokalhistorisk kalendar. Innhaldet i heftene er hovudsakleg minnestoff, då gjerne knytta til kystkultur og anna arbeidsliv, og minne om menneske. Hefte og kalendar vert distribuert vederlagsfritt til medlemmar av sogelaget, og er elles for sal i bokhandel og nærbutikkar. Les mer.

Johannes Heggland: Tysnes – det gamle Njardarlog 1 & 2

Forfattar: Johannes Heggland
År: 1964 – 1975
Pris: 350 (enkeltband)
Bøkene er å få kjøpt hjå Bladet Tysnes eller i Tysnes Sparebank.

For mange er namnet Johannes Heggland synonymt med lokalhistorie, og då ikkje berre gjennom den openlyst lokalhistoriske tilknytinga som ein finn i mange av bøkene hans og i den mangfaldige lokalhistoriske verksemda elles. Når ein tysnesing tenkjer på Johannes Heggland, er det såleis gjerne den såkalla «Tysnes-soga» som fall ein inn fyrst. I byrjinga av 60-åra sette Tysnes Sogelag i verk det store prosjektet det var å skipa til ei bygdebok for Tysnes. Les mer.