Jens Tvedt-kveld på Sundagsakademiet

15. mars går det siste Sundagsakademiet for denne sesongen av stabelen. Då vert det til gjengjeld ein liten godbit: i kjølvatnet av Jens Tvedt-kabareten som hausta stor suksess no nyleg kjem sønene Asbjørn og Kolbjørn for å fortelja om faren – kunstnaren og diktaren Jens Tvedt.

Svært mange tysnesingar har eit måleri av Jens Tvedt hengjande på veggen. Men alle sider ved kunstnaren Jens Tvedt er ikkje like kjent – han let etter seg ein stor og omfangsrik produksjon. For folk flest er det kanskje landskapsmålaren Jens Tvedt som er mest kjent – men han både teikna og måla akvarellar med eit vidt spekter av motiv. Bileta hans er spreidde over heile Noreg, det var også stort sal i USA og Canada, forutan Sør-Afrika, Australia og Søraust-Asia – mest til utvandra nordmenn. 
Ei anna side ved Jens Tvedt som har kome meir fram i lyset i seinare år er diktaren og kåsøren Jens Tvedt. Versa hans kan vera både morosamme og lyriske, men også rammande og bitande om det var noko som gjorde han harm. Sonen Kolbjørn har tonesett mange av dikta etter faren, dei er også spela inn i studio og ligg i dag til gratis nedlasting på NRK Hordaland sine sider. Det er mykje av materialet herfrå som er nytta i kabareten.

Jens Tvedt (1901-1988) var fødd i Lunde. Etter nokre år som trikkekonduktør i Bergen vendte han heim og fekk arbeid som handelsbetjent i Lunde Handelsforeining. Seinare vart han styrar same staden. I 1948 vart han tilsett som likningssekretær i Tysnes kommune. Seinare vart stillinga omdefinert til likningssjef, ei stilling han hadde fram til pensjonsalder i 1971. 

På Sundagsakademiet vil Asbjørn og Kolbjørn Tvedt fortelja om faren som privatperson, og korleis det var å ha ein målande og skrivande far i huset. Kolbjørn vil også visa fram ein del av faren sine bilete via videokanon, og me vil sjølvsagt få høyra Kolbjørn m.fl. framføra faren sine songar. Med seg vil han ha fleire av dei medverkande frå kabareten – Marianne Tvedt, Karsten Iversen, Tore Hodneland (evt. også Endre Hodneland) og ikkje minst Anders Bakke, som spelte rolla som Jens Tvedt i kabareten. 

Vel møtt til ein triveleg Jens Tvedt-kveld på biblioteket i Tysneshallen! Som vanleg vert det tid til ein drøs og noko å bita i.

Tid og stad: Sundag 15. mars, Tysnes folkebibliotek i Tysneshallen. Gratis adgang. 
Arrangementet er eit samarbeid mellom Tysnes folkebibliotek og Tysnes Sogelag

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *