Mikal Heldal fekk prisen "Årets Skribent" på Sogesoddet i desember.

Mikal Heldal

Grunngjevinga til juryen som har vurdert alle artiklane som er publisert i Sogeskrift for Tysnes 2010.

Prisen  "Arets  skribent"  går i 2010  til Mikal  Heldal  for  forteljinga  "Maddelo  i Blekjet".

Forfattaren  har  gjeve  oss  ei  original  og  lesarvenleg  skildring  av  ein  kvardagslagnad  i bygdene  våre for om lag  100  år  attende  i  tid.  Det  er  ei folkelivsskildring  som  gjev  oss  eit levande  bilete  av  levekår  og
kvardagsliv  i bygdene  på  Tysnes.

Forteljinga  er  representativ  og  lærerik  når det  gjeld  kunnskap  om livsvilkåra  til husmannsfolk  og
fattigfolk  elles.  Me  får  innsyn  i  sosial  naud  og  elende.  Men  me  får  også  høyra  om  omsut  og  omtanke
- sosialt  ansvar  kan  me  kanskje  seia  - og  godt  naboskap  i bygdene.

Her  er  også  døme  på korleis  folk  kunne  driva  sjølvberging  - både  på  godt  og  vondt.
Soga  om Maddelo  og  Omund  er  levande  fortalt  og  ikkje  utan  humor  - me  kan  dra  på  smilebandet  av
hovudpersonen  sine  skikkar,  vanar  og  ikkje  minst  uvanar,  men  me  kan  også  -  i  alle  fall  mellom  linene
-  lesa  om  ein  tragisk  lagnad  og  eit  ikkje  berre  lukkeleg  liv,  som  nok  kan  vera  representativt  for mange
menneske  som  levde  i bygdene  våre  på  den  tida.

Faktaopplysningane  om  personane  er  dokumenterte  m.a.  i Gards-  og  ættesoga.  Når det  gjeld
skildringa  av  hovudpersonen  og  og  hendingane  rundt,  byggjer  det  på ein  munnleg  tradisjon  hjå etterslekta  og  i  grannelaget,  ein  tradisjon  som  no  er  skriftfesta.

Dette  ser  juryen  som  viktig,  og  me  vonar  at  det  kan  motivera  andre  som  mitte sitja  på  liknande  stoff,
til  å  fylgja  føredømet  til  årets  skribent

Kirsten Nesse                                                                                              Nils Magne Singestad

Om Tysnes Sogelag

Tysnes Sogelag har til føremål å fremma interesse og kunnskap om lokalhistorie. For å ta vare på det historiske tilfanget, vil Tysnes Sogelag samarbeida med Lokalhistorisk arkiv i Tysnes. Tysnes Sogelag skal, så sant det let seg gjera, årleg gje ut eit tidsskrift med eit innhald som er, eller kan verta, av lokalhistorisk verdi.

Tysnes Sogelag er medlemslag i Hordaland Sogelag

Viktige lenkjer.
Riksantikvaren kulturminnesøk

Krigsminne på Rekstern
 

Våpen utrustninga på kystforta på Rekstern
 

Turar og arrangement i 2017.

Sogesodd.
Sundag 26. november kl. 15 i Tysnes Bedehus.

 

 

Nettbutikk

OBS! Sogeskrift for 2008 og 2009 er utseld. Tysnes Sogelag har oppretta nettbutikk og no kan du kjøpa bøker  på nett. Med tida vil me utvida tilbodet slik at du også kan kjøpa andre publikasjonar. Det er enkelt å kjøpa på nett. Du klikkar på Nettbutikk øvst på sida så kjem du direkte inn i netthandelmodulen.Les mer.