Atten deltakarar på sommarturen!

Værutsiktene var ikkje dei beste for sommaruren til Seløyo og Ånuglo sundag 3. juli. Vått og småkaldt, men likevel vart det 18 deltakarar, alle godt kledd for utfart  i det våte terrenget på øyane. På Seløyo vart me godt mottekne av ekteparet Oddvar og Ingunn Østrem som diska opp med kaffi og heimebakte kaker. Ekteparet har feriebustad i det einaste attståande huset. Ei omvisning i den gamle stova frå 1800 talet, syner at stova er godt teken vare på for mange år frametter.
Etter Seløyo gjekk turen til Ånuglo, og vandretur på våte og på attgrodde stiar. Litt strevsamt vart det, men likevel ein minnerik tur for alle som var med.

Stova til Oddvar og Ingunn på Seløyo.

Harald og Marta Haaland. Her har dei funne den gammle kjelda til plassen Råko på Ånuglo der bestemora til Marta Haaland,  Marta Malkenes vaks opp.

Peisen i "bestastovo" vart tidleg på 1960 talet laga av Peder Wattedal, og redaktøren var også med på dette arbeidet som murarhandtlangar. Dei andre som var med og bygde peis og restaurerte pipene var Karl Dalland og Alf Wattedal, og arbeidet tok ei vekes tid truleg på vårparten i 1963.

 

 

Huset til Oddvar og Ingunn slik det såg ut på 1950 talet, dvs. før restureringa.

Om Tysnes Sogelag

Tysnes Sogelag har til føremål å fremma interesse og kunnskap om lokalhistorie. For å ta vare på det historiske tilfanget, vil Tysnes Sogelag samarbeida med Lokalhistorisk arkiv i Tysnes. Tysnes Sogelag skal, så sant det let seg gjera, årleg gje ut eit tidsskrift med eit innhald som er, eller kan verta, av lokalhistorisk verdi.

Tysnes Sogelag er medlemslag i Hordaland Sogelag

Viktige lenkjer.
Riksantikvaren kulturminnesøk
 

Turar og arrangement i 2017.

Sogesodd.

 

 

Nettbutikk

OBS! Sogeskrift for 2008 og 2009 er utseld. Tysnes Sogelag har oppretta nettbutikk og no kan du kjøpa bøker  på nett. Med tida vil me utvida tilbodet slik at du også kan kjøpa andre publikasjonar. Det er enkelt å kjøpa på nett. Du klikkar på Nettbutikk øvst på sida så kjem du direkte inn i netthandelmodulen.Les mer.