Årsmøte i sogelaget blir sundag 18. mars kl.15.00 i Tysnes Bedehus.
Program ved Kaare M. Malkenes som vil presentera prosjektet "Kulturminneregistrering på Tysnes", som no er utført.
Elles vanlege årsmøtesaker. Årsmelding, rekneskap, budsjett for 2018, val, lagerplass for laget sine eignelutar.
Alle interesserte er velkomne.
Sentrale personar på årets sogesodd f.v. Olav Skjellevik, Kaare M. Malkenes, Mikal Heldal og Jan Økland.
I samråd med Bladet Tysnes kan du lesa det avisa skreiv om Sogesoddet i utgåva 30. november her.
Kaare M. Malkenes mottek blomegåve av avtroppande leiar Mikal Heldal som takk for innsatsen i styret dei siste 10 åra.
Styret i Tysnes Sogelag har bestemt at frå no og frametter vil laget gjera eldre sogeskrift tilgjengeleg på nettsida i PDF format. Du finn peikaren heilt til høgre her på denne sida eller klikk her.
Tysnes Sogelag har til føremål å fremma interesse og kunnskap om lokalhistorie. For å ta vare på det historiske tilfanget, vil Tysnes Sogelag samarbeida med Lokalhistorisk arkiv i Tysnes. Tysnes Sogelag skal, så sant det let seg gjera, årleg gje ut eit tidsskrift med eit innhald som er, eller kan verta, av lokalhistorisk verdi.
Tysnes Sogelag er medlemslag i Hordaland Sogelag
Viktige lenkjer.
Riksantikvaren kulturminnesøk
Våpen utrustninga på kystforta på Rekstern
Turar og arrangement i 2018.
Årsmøte sundag 18. mars kl. 15
i Tysnes Bedehus.
Sogesodd.
OBS! Sogeskrift for 2008 og 2009 er utseld. Tysnes Sogelag har oppretta nettbutikk og no kan du kjøpa bøker på nett. Med tida vil me utvida tilbodet slik at du også kan kjøpa andre publikasjonar. Det er enkelt å kjøpa på nett. Du klikkar på Nettbutikk øvst på sida så kjem du direkte inn i netthandelmodulen.Les mer.